Hopp til innhold
X
Innhald

Utanlandske kunstnarar i Kroken

Fortundalen, kolorert steintrykk av dei svenske kunstnarane Carl Johan Fahlcrantz og Michail Gustaf Anckarswärd (ca. 1821).

Fortundalen, kolorert steintrykk av dei svenske kunstnarane Carl Johan Fahlcrantz og Michail Gustaf Anckarswärd (ca. 1821).

Thomas Fearnley hadde budd i Stockholm, og med hans tilråding vitja dei kjende svenske biletkunstnarane Carl Johan Fahlcrantz (1774-1861) Kroken, og brørne August Anckarsvärd (1783-1874) og Michail Gustaf Anckarswärd (1792-1878) vitja både Kroken og Balestrand i 1827 - Kunstnarane og Balestrand.

Seinare kom også Fahlcrantz sin elev Gustav Wilhelm Palm (1810-1890) på studieferd til Kroken i 1833.

Frå Tyskland kom m.a. kunstnaren Christian Morgenstern (1805-1867) i 1827 saman med dei tyske kunstnarvenene J. Martens og J. Mohr. Han fekk seinare eleven sin, Louis Gurlitt (1812-1897) til å vitje Kroken.

Carl Johan Fahlcrantz.

Carl Johan Fahlcrantz.

Også biletkunstnarar frå både Polen og England stakk innom Kroken. Den mest kjende av desse var den polske Christian Breslauer (1802-1882), som vitja Kroken i 1839 saman med Andreas Achenbach - sjå: Kunstnarane i Kroken. Breslauer tok mange oljeskisser under Sogneferda, og vert rekna som ein fornyar av polsk landskapskunst.

Ein annan framståande tysk kunstnar var Hermann Kaufmann (1808-1889) som etter oppmoding frå venen Thomas Fearnley, vitja Kroken i 1843 og gjorde ein mengd skisser frå Sognenatur og -folkeliv. I 1850 kom den tyske kunstnaren Georg Saal (1818-1870) på vitjing til Kroken.

I 1851 kom den tyske Gude-eleven og seinare kunstprofessoren Johann Wilhelm Cordes (1824-1869) på vitjing, og i 1853 målaren Gustav Ochs (1825-1858) frå Køln. Han vart buande i Kroken i tre veker.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 12.04.2011