Hopp til innhold

Andris Eivindsson Vang

Andris Eivindsson Vang, skulemann, forfattar og folkeminnesamlar, var den første i Noreg som samla folkeminne og gav dei ut på dialekt. Den første boka hans kom ut i 1850, tre år før Ivar Aasens Prøver af Landsmaalet.

Les meir om Andris Eivindsson Vang

Arne Vinje

Arne Vinje

Arne Vinje, bonde, kulturformidlar og politikar for Sosialistisk Venstreparti. Han har prøvd å verkeleggjere Arne Næss og andre sin økofilosofi gjennom praktisk arbeid med jord og ord. Etter kvart har han utvikla eit politisk program for ein inkluderande og lokalt basert nasjonalisme.

Les meir om Arne Vinje

Aslaug Vaa

Aslaug Vaa

Aslaug Vaa, norsk lyrikar, dramatikar og essayist. Vaa var ein pioner innanfor den tidlege kvinnelyrikken på nynorsk. Som teaterdiktar fornya ho det norske teatret ved å skrive poetisk dramatikk.

Les meir om Aslaug Vaa

Audhild Viken

Audhild Viken, pioner når det gjeld framstilling og omsetnad av vovne og strikka husflidsvarer med utgangspunkt i nedarva mønster, fargeval og teknikkar frå Jølster og bygdene omkring.

Les meir om Audhild Viken

Berit Opheim Versto

Berit Opheim Versto, songar og kvedar. Tre gonger har ho vore den beste i vokal tradisjonsmusikk på Landskappleiken. Ho meistrar andre songformer like godt.

Les meir om Berit Opheim Versto

Christian Vidsteen

Christian Bang Vidsteen, lege og språkgranskar. Han gav ut bøker om bygdemåla i Sunnhordland, Hardanger og på Voss og skreiv ei dansk-norsk ordbok.

Les meir om Christian Vidsteen

Eirik Vandvik

Eirik Vandvik, professor i mellomalderlitteratur, filolog og omsetjar. I tillegg til det akademiske arbeidet med latinsk grammatikk gjorde han ein stor innsats i formidlinga av gresk litteratur og åndsliv på nynorsk.

Les meir om Eirik Vandvik

Giuseppe Verdi

Giuseppe Verdi

Giuseppe Fortunino Fransesco Verdi, italiensk komponist. Han er den fremste italienske operakomponisten gjennom tidene, og ei rekkje av verka hans ruvar framleis i operarepertoaret, mellom anna Rigoletto (1851), La traviata (1853) og Aida (1871).

Les meir om Giuseppe Verdi

Guri Vesaas

Guri Vesaas

Guri Vesaas, forlagsredaktør. Med gode hjelparar, men mest av eiga kraft, fornya Guri Vesaas den nynorske barneboktradisjonen frå 1970-åra og utetter, og ho blei den fremste barnebokforleggjaren i landet.

Les meir om Guri Vesaas

Jan Erik Vold

Jan Erik Vold

Jan Erik Vold er ein allsidig og leikande forfattar og unik formidlar. Han er også ein særs viktig redaktør, gjendiktar, essayist og modernistisk poet. I tillegg er han ein unik scenekunstnar og plateartist, med ein heilt særeigen framføringsstil.

Les meir om Jan Erik Vold

Knut Vaage

Knut Vaage, komponist og utøvar av improvisasjons- og samtidsmusikk. Han er særleg oppteken av møte mellom konservative former og moderne estetikk.

Les meir om Knut Vaage

Kåre Valebrokk

Kåre Valebrokk

Kåre Valebrokk, redaktør, journalist og forretningsmann. Som sjef i avisa Dagens Næringsliv og seinare i TV2 var Valebrokk ein av dei viktigaste og mest markante redaktørane i sin generasjon. Han innførte gravejournalistikken og fornya næringslivsjournalistikken.

Les meir om Kåre Valebrokk

Lars S. Vikør

Lars Sigurdsson Vikør, nynorsk leksikograf, samnorskmann, språkhistorikar og indonesiakjennar. Han har uvanleg omfattande kunnskap om norsk rettskriving og grammatikk.

Les meir om Lars S. Vikør

Lauri Viita

Lauri Viita

Lauri Viita, finsk forfattar som skreiv både formfullenda, kraftfulle og også satiriske dikt, mellom anna om eksistensielle spørsmål. Med familie- og utviklingsromanen Moreeni (svensk Morän) nådde han ut til store lesargrupper.
Les meir om Lauri Viita

Nikka Vonen

Nikka Vonen

Nikka Vonen, døypt Nicoline Marie Vonen, skulestyrar og folkeminnesamlar. Ho dreiv pensjonatskule i Fjaler i 38 år, skreiv ned folkeminne og folkeskildringar og var den første kvinna i Vestmannalaget.

Les meir om Nikka Vonen

Niko Valkeapää

Niko Valkeapää

Niko Valkeapää, samisk norsk-finsk songar, låtskrivar og joikar med internasjonalt ry. Han syng på samisk og har gjennom 25 år utvikla samisk musikk mot elektronika-pop og blues til inspirasjon for yngre samiske artistar.

Les meir om Niko Valkeapää

Ola Vik

Ola Johannessen Vik, lærar og målmann som var så oppteken av folkeopplysning at han kjøpte eige prenteverk for å gi folk lesestoff på «målet».

Les meir om Ola Vik

Otto Valstad

Otto Valstad

Otto Valstad, lærar som gjorde forfattar og målar av seg, og som foreviga Arne og Hulda Garborg på lerretet. Sjølv er han på det nærmaste gløymd, sidan produksjonen hans var ujamn.

Les meir om Otto Valstad

Per Vassbotn

Per Kjell Vassbotn, journalist, statssekretær for statsminister Odvar Nordli, redaksjonssekretær i NRK og kommunikasjonsdirektør i IBM.

Les meir om Per Vassbotn

Tarjei Vesaas

Tarjei Vesaas

Tarjei Vesaas var ein av dei viktigaste forfattarane i Norden i det 20. hundreåret. Han skreiv både forteljande prosa, lyrikk og dramatikk og er omsett til mange språk. Også utanfor Norden vert han rekna som ein stor forfattar.

Les meir om Tarjei Vesaas

Tilla Valstad

Tilla Valstad

Tilla Mathilde Georgine Valstad, forfattar og kulturarbeidar, som skreiv kvinnehistorie, for ho var den første gifte yrkesaktive lærarinna i Kristiania. Særleg arbeidde skipsreiardottera for vanskelegstilte barn.

Les meir om Tilla Valstad

Vetle Vislie

Vetle Vislie

Vetle Gjermundson Vislie, forfattar og skulemann som formidla litteratur i læraryrket og som faglitterat. Vislie lyfte fram breidda i norsk litteratur gjennom Boksoga (1901), som kom i fleire utgåver og fekk utbreiing langt utover lærarutdanninga.

Les meir om Vetle Vislie

Aake O. Verdal

Aake O. Verdal

Aake O. Verdal var skribent og opplysingsmann på Inderøy i Nord-Trøndelag. Han var lærar, journalist, ferdatalar for fråhaldssaka, misjonsmann, politikar og småbrukar. I bygda var han sett på som ein original som gjekk sine eigne vegar både reint språkleg og i det offentlege ordskiftet.

Les meir om Aake O. Verdal

Aasmund Olavsson Vinje

Aasmund Olavsson Vinje

Aasmund Olavsson Vinje, journalist og diktar, var banebrytande ved å gjere landsmålet til eit levande bruksspråk, med avisa Dølen, og han la grunnlaget for ein nynorsk essaytradisjon. Mange av Vinje sine dikt er tonesette, og fleire av dei er blitt folkekjære songar.

Les meir om Aasmund Olavsson Vinje