Hopp til innhold
Åke Verdal syner fram sprit på eit møte i fråhaldsforeininga IOGT. Foto: Namdalsmuseet. Nytta etter avtale.
Åke Verdal syner fram sprit på eit møte i fråhaldsforeininga IOGT. Foto: Namdalsmuseet. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Aake O. Verdal

Aake O. Verdal var skribent og opplysingsmann på Inderøy i Nord-Trøndelag. Han var lærar, journalist, ferdatalar for fråhaldssaka, misjonsmann, politikar og småbrukar. I bygda var han sett på som ein original som gjekk sine eigne vegar både reint språkleg og i det offentlege ordskiftet.

Aake O. Verdal var fødd utanfor ekteskap 20. desember 1877 på garden Verdal Nordre, der mora hadde slekta si. Han voks opp der saman med mora og mormora. I 1935 gifta han seg med Dina Honningsvåg frå Nordfjord. Han døydde 2. august 1973.

Han var døypt Aage Olaf Verdal etter morfaren og mormora, Aage og Olava Verdal, men tok til å bruke namnet Aake ein gong sist i 1890-åra. Som skribent i mange aviser brukte han initialane Aa. O. V, som diktaren Aasmund Olavsson Vinje.

Den unge Aake var ein gløgg gut og blei oppmoda av dei rundt han i heimen til å lese og skrive. Etter heimeskule, folkeskule og framhaldsskule drog han til amtsskulen i Leksvik. I åra 1896 til 1898 gjekk han på lærarseminaret i Seljord. Så tok han til på Det kgl. Frederiks Universitet i Kristiania, før han etter kort tid vende heim då pengane tok slutt. Men i 1906 kom han seg til Askov Højskole i Danmark, der han fekk varige impulsar.

Etter dette blei han lærar. Han heldt òg målskule om kveldane mange stader. Etter kvart blei han aktiv i fråhaldssaka og reiste rundt på bygdene for Det Norske Totalavholdsselskap. På desse reisene talte han òg for målsaka. Han blei beden av Arne Garborg og Rasmus Steinsvik om å ta bladstyrarstillinga i nynorskavisa Den 17. mai, men sa nei.

Verdal var politisk engasjert og var med i heradstyre og formannskap, først for Arbeidarpartiet, seinare for Kr.F.

Til langt opp i åra skreiv han små epistlar i mange blad og aviser, mest i Trønder-Avisa i Steinkjer. Han utvikla eit særprega skriftspråk, med grunnlag i nynorsk og trøndsk. Stilen var tilhogd, kort og fyndig.

Sist i livet gav han ut tre bøker på Runa forlag: Glitt og skimt i 1967, Nye glitt og skimt i 1969 og Fleire glitt og skimt i 1972 – alle med artiklar om ulike tema han var oppteken av.

Kjelder

Torbjørn Wale: «Det kommer ikke mange slike fra bygdene nu til dags», portrettintervju i Trønder-Avisa 24.8.1957. Trykt i Eynni Idri, årbok for Inderøy museums- og historielag 1997

Liv Skogset Værdal: «Aake Olaf Verdal (Aa.O.V.) 1977–1973», artikkel i Eynni Idri, årbok for Inderøy museums- og historielag 2001

Gr. (redaktør Gragar Rekaa): «Aake. O. Verdal død», nekrolog i Trønder-Avisa 4.8.1973

Utstilling om Aa. O. V. på Inderøy sommaren 2017, plakattekstar

Først publisert: 25.01.2018
Sist oppdatert: 19.04.2018