Faktaboks

Aasmund Olavsson Vinje
Fødd
6. april 1818, Vinje i Telemark
Død
30. juli 1870, Gran på Hadeland
Verke
Forfattar og bladmann
Familie

Foreldre: Bygselsmann Olav Aasmundsson Plassen (1786–1864) og Torbjørg Gjermundsdotter (1787–1828).

Gift 20.6.1869 i Vestre Aker med lærar Rosa Constance Sophie Enevoldsen f. Kjeldseth (28.10.1836–12.4.1870; ho gift 1) 1857–ca. 1863 med lensmann Abraham T. Enevoldsen, ekteskapet oppløyst), dotter til kgl. fullmektig Peter Andreas Kjeldseth (1813–70) og Jensine Glad (f. 1811).

Aasmund Olavsson Vinje
Av /Nasjonalbiblioteket.
Aasmund Olavsson Vinje

Vinje-furua: Tusjteikning av Theodor Kittelsen i «Løgn og forbandet digt», 1912. Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Aasmund Olavsson Vinje
Av /※.
50-kroneseddel

Frå 1984 til 2008 var det bilete av Vinje på 50-kronesetlane, og det var den første pengesetelen med den nynorske namneforma Noreg.

Av /※.
Aasmund Olavsson Vinje

Portrett. Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Aasmund Olavsson Vinje
Av /※.
Aasmund Olavsson Vinje

Portrett, ca 1867.

Aasmund Olavsson Vinje
Av /Nasjonalbiblioteket.

Aasmund Olavsson Vinje var ein journalist og diktar som var banebrytande ved å gjere landsmålet (nynorsken) til eit levande bruksspråk i journalistikk, dikt og bøker, og som på det viset fornya det norske språket. Fleire av tekstane hans er feira som høgdepunkt i den norske litteraturen.

Vinje skreiv reiseskildringa Ferdaminni fraa Sumaren 1860 (1861), og han skreiv fleire dikt som seinare er blitt tonesette. Mange av dikta kom ut i Diktsamling (1864). Han gav også ut den episke diktsyklusen Storegut (1866, ny utgåve 1868). I tillegg forfatta han den engelske reiseboka A Norseman’s Views of Britain and the British (1863), og han samla prosastykke og dikt i utgivinga Blandkorn (1867).

Bakgrunn

Vinje voks opp i noverande Vinje kommune, på ein husmannsplass med namnet Plassen, gjekk på lærarseminar i Kviteseid for å bli omgangsskulelærar (fullført 1836) og i Asker for å bli fastskulelærar (fullført 1843). Seinare gjekk han ved «Heltbergs studentfabrikk» og studerte fram til juridisk embetseksamen (avlagt i 1856). Året etter blei han autorisert som overrettssakførar.

Vinje arbeidde som omgangsskulelærar i heimtraktene (1836–1841) og som borgarskulelærar i Mandal (1844–1848). I Kristiania arbeidde han som fullmektig for advokat J.C. Lous (1857–1859) og som kopist (ekstraskrivar) i Justisdepartementet (1865–1868). Frå 1846 skreiv han for aviser. Han var fast Kristiania-korrespondent for Drammens Tidende (1851–1859), og i 1858 starta han si eiga vekeavis, Dølen, som blei skriven på landsmål. Dølen kom ut med til saman 292 nummer, fordelt på åtte årgangar (1858–1870).

Landsmålet i bruk

Vinje og Aasen
Ein sengeliggjande Aasmund Olavsson Vinje på dødsleiet med venen Ivar Aasen ved sida si. Det ser ut som Vinje fortel, medan Aasen lyttar.
Vinje og Aasen
Av /Nynorsk kultursentrum.

I 1858 tok Vinje i bruk landsmålet til Ivar Aasen, som ein av dei første etter Aasen sjølv. Vinje blei banebrytande ved at han brukte landsmålet som journalistspråk, same kva emne han skreiv om, og han bidrog til å skape eit levande bruksspråk. Han la grunnlaget for ein nynorsk essaytradisjon, og han var viktig for utviklinga av ein nynorsk prosastil. Som diktar skreiv han lyrikk som blir sungen for nordmenn frå vogge til grav, frå «Blåmann» til «Ved Rundarne».

Då Vinje etablerte avisa Dølen, hadde Aasen gitt ut om lag 360 sider med tekstar på landsmål, og Vinje var den første som publiserte meir på landsmål enn på dansk i offentleg samanheng. Til saman publiserte Vinje mellom 4500 og 5000 sider på landsmålet, rekna om til vanleg sidestorleik, medan han publiserte ein stad over 1500 sider på dansk-norsk for Drammens Tidende. Aasen på si side publiserte meir tekst på dansk enn på landsmål.

Frå tidleg i journalistkarrieren blei Vinje ein folketalar som kom til fesjå, marknader og 17. mai-markeringar for å halde tale for dagen eller høvet, og han er truleg mannen bak den første talen på landsmål (17. mai 1859 på Eidsvoll). Han kunne finne tonen med nesten kven som helst – alt frå driftekarar, seterjenter og husmenn til storbønder, stortingsmenn og filosofar – og frå alle dei han møtte når han vandra i naturen eller vanka i intellektuelle krinsar, fekk han påfyll til det åndelege «stabburet» sitt.

Journalisten

Aasmund Olavsson Vinje, ca. 1865
Aasmund Olavsson Vinje, ca. 1865
Av /Nasjonalbiblioteket.

Vinje var ein kunnskapsrik journalist. Han skreiv ledig og fritt, og han gav livlege skildringar av kulturuttrykk i spennet mellom folkelege marknader og borgarlege teaterførestillingar. Det høge og det låge stod om kvarandre i journalistikken hans, og stilen hans var ironisk og prega av eit tvisyn, med spøk kombinert med alvor. Det gjorde at fleire oppfatta Vinje som spottande og kynisk, men på same tid blei han akta og respektert som ein leseverdig journalist, som fanga opp politiske straumdrag og sentrale spørsmål i samtida.

Før han gjekk over til landsmålet, hadde Vinje ein lang journalistkarriere bak seg på dansk-norsk. Han skreiv for aviser som Morgenbladet og arbeidarbladet Folkets Røst, og han gav ut den satirisk-polemiske vekeavisa Manden (etter kvart kalla Andhrimner) saman med Henrik Ibsen og Paul Botten-Hansen. Frå 1851 var han fast Kristiania-korrespondent for Drammens Tidende, og der stod han som oftast på prent to gonger i veka (nokre gonger tre). I dag er 582 Vinje-tekstar frå Drammens Tidende kjende, av godt og vel 700 som blei trykte.

Då Vinje starta vekeavisa Dølen i 1858, fekk han si eiga avis, der han kunne boltre seg over fleire sider og skrive på sin eigen variant av landsmålet til Aasen – ein variant som blei kalla «Dølemaalet». Ivar Aasen og Hans Ross bidrog med tekstar, og i periodar hjelpte Aasen til med korrektur og Ross med redaktørarbeid. Andre som kom på prent i Dølen, var Henrik Krohn, Kristofer Janson og Werner Werenskiold, og bladet inneheldt også omsett stoff frå aviser som The Times i London, Le Monde i Paris og Aftonbladet i Stockholm.

Både i Drammens Tidende og Dølen tok Vinje opp politiske hendingar og kulturelle fenomen, både utanriks og innanriks. Bladstykka handla om alt frå krigar og storhendingar ute i verda til målstrid og matstrev i heimlandet. Vinje hadde god kjennskap til både bondekulturen og embetsmannskulturen, og han krydra stykka sine med både samanlikningar frå dyrelivet, gode historier og lærde referansar til filosofar.

Mykje av det Vinje skreiv, førte til reaksjonar i samtida. I ei melding av Bjørnstjerne Bjørnsons bondeforteljing Arne (1859) lét Vinje som om han trudde bondeforteljinga var meint som ein parodi på bondelivet og idylliske romanar, stikk i strid med Bjørnson sin intensjon. Han var heller ikkje redd for å utfordre autoritetar, og i serien «Vaar Politik» kritiserte han riksstyret, noko som gjorde at han miste jobben som kopist i Justisdepartementet i 1868. Dølen kom ut i åtte årgangar fram til 1870, der tre av årgangane er fullstendige.

I pressehistoria blir Vinje lyfta fram som ein journalistisk føregangsmann. Eit moderne trekk ved metoden hans var å oppsøkje folk der dei var, slik ein reportasjejournalist ville ha gjort i dag, men dialogane han presenterte i avisspaltene etterpå, var av det stiliserte slaget. I 1980-åra blei Vinje lyfta fram som essayist, og det blei òg peikt på karnevalismen hos Vinje. Det karnevalistiske perspektivet på den spøkjefulle Vinje var ein kontrast til tidlegare oppfatningar av Vinje som ein diktar med eit djupt alvor og ei nær tilknyting til antikken.

Vinje var allsidig, og opp gjennom historia er han blitt tolka og oppfatta på ulike måtar, avhengig av utvalet ein har gjort frå tekstane hans. Biletet av Vinje har variert med ulike ideologiske tilpassingar, og mellom anna har redaktørane av lesebøker kutta i tekstane hans for å få dei til å passe betre med sine eigne nasjonale forteljingar. Nynorskfolk har lagt vekt på skildringar frå bondelivet og folketalaren Vinje, medan bokmålsfolk har lagt vekt på turisten Vinje.

Diktaren

Dikta til Vinje krinsar kring tema frå den sentrallyriske tradisjonen, som kjærleiken, livet og døden, og dei hentar motiv frå folkediktinga og naturen. Dikta handlar ofte om tapt kjærleik, slik som diktet «Den dag kjem aldri», eller om refleksjonar som spring ut frå naturinntrykk, som «Drivdalen» og «Ved Rundarne». Poesien hans er prega av levande naturstemningar og ofte ei sorg over tap og motgang, men alltid med ei grunnleggjande tru på at livet er godt.

I den episke diktsyklusen Storegut (først utgitt i 1866, i ny utgåve i 1868) fortel Vinje soga om den sterke, men snille Storegut, basert på sogestoff heimanfrå om blodtapparen Olav Edland og den eldste sonen hans, Olav, som blei kalla Storegut – ein kraftkar som kom bort i fjellet ein sommar han gjette buskapen, og som mange trudde blei drepen. Dikta i Storegut blir fortalde gjennom faren Olav, som overlever sonen, og som fortel både si eiga og sonen si livssoge.

Vinje dikta til folketonar som han kjende frå heimbygda, til dømes i Storegut, men han nytta òg klassiske strofeformer frå den europeiske litteraturen, mellom anna ottava rima (i «Ved Rundarne») og heksameter (i «Vaaren»). Han skreiv fleire minnedikt og høvesdikt (til festar, fesjå, jubileum og 17. mai-feiringar), og dessutan nidvers til samtidige meiningsmotstandarar.

Dikta stod gjerne først på prent i Dølen eller andre stader, før dei seinare blei samla i bokform, slik tilfellet var med Diktsamling (1864), med 125 dikt (der 37 var på dansk og resten på landsmål). I Dølen kunne dikta stå som opning av nummeret, eller dei stod som bidrag til bladstykke, slik som diktet «Blaamann». Diktet om geitene Blåmann og Lykle stod opphavleg til i ein artikkel om ei ny lov som gjorde det lovleg å ta livet av geiter som kom seg inn i private frukthagar, noko Vinje var sterkt imot.

Mange av dikta til Vinje er tonesette, og fleire av dei er folkekjære songar, til dømes «Blaamann», med melodi av Anne Haavie, og «Ved Rundarne», med melodi av Edvard Grieg. Til saman tonesette Grieg 15 av dikta til Vinje, men det skjedde etter at Vinje var død. Dikta i Storegut kan syngjast på fleire melodiar, og det same gjeld mange av dei andre dikta hans.

Vandraren

Vinjebue på Eidsbugarden (Jotunheimen) i 2014
Vinjebue på Eidsbugarden (Jotunheimen) i 2014
Av /Allkunne.

I 1861 gav Vinje ut reiseskildringa Ferdaminni fraa Sumaren 1860, fordelt på to band. Boka er ei essayistisk vandring, skriven etter ei noregsreise, og ho er eit sentralt verk i norsk litteraturhistorie. Med blikk for det særeigne ved geologien, landbruket, bondelivet og tenkjemåten i Noreg tek Vinje lesaren med på ei reise frå Kristiania til Trondheim sommaren 1860. Der skal kong Karl 15. av Sverige kronast i Nidarosdomen, men det er møta med menneska og naturen langs vegen som er av størst interesse for Vinje, framfor sjølve kroninga.

Reisa sommaren 1860 går med jernbanen til Eidsvoll, via Odalen og Sverige, før han dreg opp Østerdalen og over Dovre. Sørover att reiser han gjennom Romsdalen og Gudbrandsdalen. Under turen er Vinje ein sosiolog som observerer korleis bøndene steller seg, og ein humorist som morar seg over personlegdomar og matopplevingar. Han refsar latskap og fåkunne, men gler seg over gjestfridom og mønsterbønder. Mellom desse essayistiske partia kjem fleire poetiske innslag, i form av dikt kopla til inntrykk og hugskot frå reisa.

Det er i Ferdaminni fraa Sumaren 1860 at skriv Vinje om tvisynet, som seinare er blitt nytta som eit kjenneteikn ved Vinje sjølv. I ettertid er tvisynet blitt forstått som ein ironi, ei evne til å sjå to sider av same sak eller ein tendens til å skifte meining – og alt dette kjenneteiknar Vinje. Men når Vinje skriv om tvisynet, legg han det fram som evna til å sjå det komiske i noko alvorleg. Det er å «sjaa med eit Augnekast liksom Retta og Vranga paa Livsens Vev, soleides at me lettare kunna liksom graata med det eine Augat og læ med det andre».

Vinje treivst med staven i handa og med skreppa på ryggen, noko han skildra i både prosa og dikt. Alle somrane frå 1863 drog han anten til Jotunheimen eller Rondane for å vandre i fjellheimen. Med seg som reisefølgje hadde han kameratar som Ernst Sars og Hagbard Berner, og i 1868 fekk Vinje oppført hytta Eidsbugarden ved Bygdin i Jotunheimen, som eit spleiselag med tre andre.

Vinje la også ut på ei reise til Storbritannia frå sommaren 1862 til 1863, ved hjelp av fleire stipend. Han vitja først verdsutstillinga i London, før reisa gjekk vidare til Edinburgh, der han oppheldt seg størsteparten av tida. Resultatet av reisa blei boka A Norseman’s Views of Britain and the British (1863), stila som 16 brev på engelsk til Johan Sebastian Welhaven. Vinje starta på ei omsetjing av boka, men ho kom først ut på norsk som Bretland og Britarne i 1873, med Halfdan Halvorsen som omsetjar av den siste tredelen.

Vinje brøyta veg for at landsmålet kunne bli eit praktisk bruksspråk, mellom anna ved å gi ut den første avisa på landsmål. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 og fleire av dikta hans er sentrale referansar i den nynorske skriftkulturen, men også i kulturhistoria og i den norske litteraturhistoria. Han var ein stilfornyar som vandra inn i den norske bokheimen med både alvor og skjemt.

Ettermæle

Plassen
I 1887 måla Christian Skredsvik Plassen, barndomsheimen til Vinje. Plassen ligg i nordenden på Vinjevatn, og er i dag museum.
Av /Nasjonalmuseet.

«Vinjestoga», som er stova på husmannsplassen der Vinje voks opp, har sidan 1912 vore open for publikum. Frå 1984 til 2008 var det bilete av Vinje på 50-kronesetlane, og det var den første pengesetelen med den nynorske namneforma Noreg. Festivalen VinjerockEidsbugarden i Jotunheimen, som starta i 2006, har teke namnet sitt etter Vinje. I 2018 blei 200-årsjubileet for Vinjes fødsel markert med arrangement over heile landet. I 2021 opna Vinjesenteret i Vinje.

Minnesmerker

  • I Skien står ei statue av Vinje, utførd av Gunnar Utsond. Avduka i 1918.
  • Eidsbugarden står eit monument over Vinje, utført av Ståle Kyllingstad. Avduka i 1968.
  • Hjerkinn står ein minnestein over ferda til kroninga, reist i 1960.
  • Ved Vinjes grav ved Søsterkirkene på Gran er det reist ein bauta.
  • Vinje blei portrettert på Noregs Banks 50-kronersetel i 1984. Utførd av Noregs Banks grafikarar etter ein idé av Leif Anisdahl.
  • Vinjevegen i Stor-Elvdal kommune fekk namn etter diktaren i 1960, og det ble samtidig reist ei støtte til minne om diktaren si ferd her i 1860.
  • Festivalen Vinjerock på Eidsbugarden i Jotunheimen, som starta i 2006, har namnet sitt etter Vinje.

Utgivingar

Journalistikk

  • Avis- og tidsskriftartiklar i perioden 1848–1851: i Morgenbladet, Andhrimner, Krydseren, Folkets Røst, Tiden, Den norske Tilskuer,Illustreret Nyhedsblad og Christiania-Posten. Et lite utval finst i Skrifter i Samling, band 1 og 6.
  • Korrespondentbrev til Drammens Tidende 1851 til 1859 finst i digital, tekstkritisk utgåve ved Nina Marie Evensen og Jon Haarberg (Det norske språk og litteraturselskap/Nasjonalbiblioteket, 2018.
  • Artikler, dikt og prosa i Dølen, hass eiga vekeavis. Denne kom ut i åra 1858–1870 (med nokre avbrot, til saman åtte årgangar). Utval i Skrifter i Samling, band 2–5. Dølen, inkludert Ferdaminni, finst komplett i ei faksimileutgave i fire band utgitt av Noregs Boklag, med innleiingar av Reidar Djupedal (1970–1973).

Bokutgivingar

  • Ferdaminni fraa Sumaren 1860 (1861), 2 band, sende abonnentane som særnummer av Dølen.
  • Diktsamling (1864, eigenleg desember 1863), inneheld dikt frå Drammens Tidende og Dølen (Skrifter i Samling, band 5).
  • A Norseman’s Views of Britain and the British (Edinburgh 1863).
  • Storegut (1866, 2. rev. utg. 1868), diktsyklus opprinneleg publisert i Dølen.
  • Blandkorn (1867), reviderte dikt og prosa, særleg frå Dølen.

Posthume bokutgivingar

  • Om Schweigaard (1870), opprinneleg trykt som artikkelserie i Dølen.
  • Vaar Politik (1870), opprinneleg trykt som artikkelserie i Dølen.
  • Bretland og Britarne (1873), A Norseman’s Views of Britain and the British, omsett dels av forfattaren sjølv, dels av Halfdan Halvorsen, Skrifter i Samling, band 3.
  • Olaf Digre. Drama i fem Acter, utg. Olav Midttun 1927.
  • Føljetongromanen Elsk og Giftarmaal, som vart trykt i Dølen, er aldri blitt utgitt separat, men står som eige verk i Skrifter i Samling, band 4.
  • Den ufullførte diktsyklusen Staale, som vart trykt i Dølen, er aldri blitt utgitt separat, men står som eige verk i Skrifter i Samling, band 5.

Samla skrifter og brev

  • Skrifter i Utval, utg. H.A. Halvorsen og Vetle Vislie, 6 band (1883–1890)
  • Skrifter i Samling, utg. Olav Midttun, 5 band (1916–1921)
  • Skrifter i samling. Folkeutgåve (modernisert språk), utg. Olav Midttun, 5 band (1942–1948)
  • Skrifter i Samling, utg. Olav Midttun (opptrykk av utgåva 1916–1921, med et tilleggsband utg. av Jon Haarberg), 6 band (1993)
  • Brev, utg. Olav Midttun (1969).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Olav Vesaas, A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001).
  • Sigmund Skard, A.O. Vinje og antikken. Studier i norsk åndshistorie (1938).
  • Jon Haarberg, Vinje på vrangen. Momenter til revurdering av en nasjonal klassiker (1985).
  • Berge, Richard, Storegut. Ættesogo og diktverke (1907).
  • Bergsgård, Arne, Aasmund Vinje. Norsk nasjonal konservatisme (1940).
  • Djupedal, Reidar, «Bladmannen Vinje», A.O. Vinje, At vera Døl (1972).
  • Eide, Martin om A.O. Vinje i Martin Eide og Hans Fredrik Dahl (red.), Norsk presses historie, bd 1 (2010).
  • Fetveit, Leiv, «A.O. Vinje og skulen», Mål og makt (1994).
  • Fetveit, Leiv, «Då Aasmund Vinje og Olav Fetveit søkte kyrkjesongar- og lærarstilling i heimbygda», Syn og Segn (2001).
  • Fosli, Halvor, «ʻLivet er Skrik men Døden er Taushed’. Aasmund Olavsson Vinje som litteratursosiolog», i Ute på prøve. Artiklar og tekster 1988–1995 (1996).
  • Fosli, Halvor, «Vinje drepen med essaygraut: 'Det er som at vassa i ein Sandhaug at lesa desse Folk’», i Ute på prøve. Artiklar og tekster 1988–1995 (1996).
  • Glomnes, Eli m.fl. (red.), «At føle paa Nationens Puls». Åtte artiklar om Aasmund O. Vinje (1992).
  • Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2000. Oslo 2010
  • Ottar Grepstad: Essayet i Norge. Fjorten riss av ein tradisjon. Oslo 1982
  • Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
  • Ottar Grepstad: Vinje-bibliografien. Skrifter av og om Aasmund Olavsson Vinje 1843–2016. Ørsta 2017
  • Grønoset, Dagfinn, I Vinjes fotspor (1960).
  • Handagard, Idar, Aasmund Vinje. Eit dikt um det frie ord (1921).
  • Haarberg, Jon, «Vinjes grunnskudd mot ʻClassiciteten’», i Egil Børre Johnsen og Trond Berg Eriksen (red.), Norsk litteraturhistorie. Sakprosa 1750–1995, bd 1 (1998).
  • Haarberg, Jon, «Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870)», i Erik Bjerk Hagen m.fl., Den norske litterære kanon 1700–1900 (2010).
  • Johannesen, Georg, «Vinje og Vinjeforskinga», Edda (1987).
  • Koht, Halvdan om A.O. Vinje i J.B. Halvorsen, Norsk forfatter-lexikon, bd 6 (1908).
  • Koht, Halvdan, A.O.Vinje. Stutt livsskildring (1909).
  • Kværness, Gunhild, «ʻEit hus som vil meg hysa’. Om Rosa Kjeldseth Enevoldsen, Aasmund Olavsson Vinjes hustru», Norsk slektshistorisk tidsskrift (2012).
  • Langslet, Lars Roar og Jon H. Rydne (red.), Villmann, vismann og veiviser. En essaysamling om A.O. Vinje (1993).
  • Midttun, Olav, A.O. Vinje (1960).
  • Severud, Jon, Ei gjenreise. Ferdaminne etter A.O. Vinje (2010).
  • Skard, Sigmund, «Den engelske domen om Vinjes Bretlands-bok», Edda (1939).
  • Skard, Sigmund, «Aasmund Olavsson Vinje – faunen på tempeltrappa», i Kjell Heggelund m.fl. (red.), Forfatternes litteraturhistorie, bd 1 (1980).
  • Skard, Sigmund, «Den heile Vinje», Syn og Segn (1984).
  • Skei, Hans H., «Aasmund Olavsson Vinje og litteraturhistoria», i Atle Kittang m.fl., Om litteraturhistorieskriving (1983).
  • Stegane, Idar, «Nokre nedslag i Olav Vesaas sin Vinje-biografi», Norsk litterær årbok (2002).
  • Time, Sveinung, «Borgaren og satyren – moment til eit bilde av Vinje som essayist i Dølen», i Ottar Grepstad (red.), Essayet i Norge. Fjorten riss av ein tradisjon (1982).
  • Time, Sveinung, «Infinitiv», Syn og Segn (1984).
  • Tveito, Olav, «A.O, Vinje, kyrkja og kristendommen», Kirke og kultur (2003).
  • Vislie, Vetle, A.O. Vinje (1890).
  • Østerud, Erik, «To rett og en vrang. Vinje gjennomstrikket», Edda (1987).

Faktaboks

Aasmund Olavsson Vinje
Historisk befolkingsregister-ID
pd00000013662256

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg