Hopp til innhold
X
Innhald

Andrea del Verrocchio

Andrea del Verrocchio [veråkkiå], 1435–88, var italiensk bilethoggar, målar og gullsmed.

Han har ein spent figurstil i måleriet Kristi dåp (1470-åra) og i hovudverka som den vesle bronsestatuen David (1474) i Firenze og ryttarstatuen av Colleoni i Venezia (1479–88). Verrocchio var lærar for Leonardo da Vinci.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.09.2016
Sist oppdatert: 29.09.2016