Hopp til innhold
Relieff på minnesteien over Andreas B. Vamraak på Kyrkjebø. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Relieff på minnesteien over Andreas B. Vamraak på Kyrkjebø. Foto: Ottar Starheim, NRK.
X
Innhald

Andreas Vamraak

Andreas Bergeson Vamraak, målmann, lærar og klokkar. Han var av dei som var sterkt for landsmål og sterkt imot trekkspel og dans.

Vamraak var fødd i Kyrkjebø i Sogn 10. april 1861 og døydde 13. august 1936. Han tok eksamen ved Stord lærarskule i 1880 og underviste fleire stader før han i åra 1893–1931 var lærar og klokkar i Kyrkjebø.
 
I Kyrkjebø var han ordførar 1899–1904, og i dette tidsrommet innførte kommunen, som no er ein del av Høyanger, landsmål som administrasjonsspråk.
 
Vamraak gav ut Utval av norske salmar og songar til skulebruk (1910, nye utgåver 1914 og 1921) og heftet Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858–1928 (1931).
 
Han var med og skipa Sogns ungdomslag i 1896 og var ei drivkraft i ungdomslagsarbeidet. Vamraak arbeidde utrøytteleg for å få innført Blix-salmane i kyrkjelydane, men trekkspel og dans motarbeidde han som best han kunne.
 
I 1931 fekk han borgardådsmedaljen i sølv for ungdomsarbeidet sitt.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 08.09.2009
Sist oppdatert: 25.04.2013