Hopp til innhold
Anne Viken. Foto: Tove K. Breistein / Samlaget. Med løyve for Allkunne.
Anne Viken. Foto: Tove K. Breistein / Samlaget. Med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Anne Viken

Anne Viken er veterinær, forfattar og samfunnsdebattant. Ho har gitt «hestebøker» ein ny og høgare standard.

Anne Bergitte Viken er fødd 10. august 1979 i Bygstad i Sogn og Fjordane og er busett i Oslo. Ho er utdanna veterinær frå Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og har mastergrad i internasjonale studium frå Universitetet i Oslo (2012). Viken har arbeidd som journalist i avisene Firda, Dagbladet, Dagens Næringsliv og Klassekampen. Ho er også elles ein engasjert skribent og bloggar, og har publisert ei mengd med artiklar og kronikkar i ulike aviser.

Viken sitt skjønnlitterære språk er lett tilgjengeleg og gir ei eiga kraft til spenningstoppane. Debutboka, XXX (2010), er ei samling kortprosatekstar som handlar om storbylivet og om å slette menneske, til dømes eks-kjærastar, frå fortida. Den tredelte samlinga tematiserer mangel på tid og relasjonar som går tapt, og har ein bodskap om at ein må leve her og no. Viken skriv vanlegvis på nynorsk, men valde å skrive denne samlinga på bokmål, med eit ønskje om å skape distanse til forteljarstemma og framheve at dette er fiksjon.

Elise og mysteriet med dei døde hestane (2012) er ein serie om den hesteglade ungjenta Elise. Viken friskar opp sjangeren med fart og spenning, gamle mytar og overtru, kombinert med eit lærerikt stoff, som syner ekte kjærleik til dyr og veterinæryrket. Ho haustar frå eiga erfaring som dyrlege og skriv skildringar som ligg nær røyndomen. Helten i bøkene er ei fryktlaus og sympatisk ung jente, kunnskapstørst og full av pågangsmot. Elise har sommarjobb som assistent for dyrlegeonkelen sin, Kalle, og drøymer om sjølv å bli dyrlege ein dag.

Kjelder

Forfatterkatalogen: «Anne Viken» bibliografi, forfattarkatalogen.no: http://www.forfatterkatalogen.no/forfattere/anne-viken/ [lesedato 24.10.2017]

Bloggen til Anne Viken, anneviken.blogspot.no: http://anneviken.blogspot.no/p/test.htmlhttp://anneviken.blogspot.no/p/test.html [lesedato 24.10.2017]

Peikarar

Janne Karin Støylen: «Anne Viken: Elise og mysteriet med dei døde hestane» nynorskbok.no 

Judith Sørhus Litlehamar: «Eksistensiell debut», intervju med forfattaren, lnk.no 

Først publisert: 25.01.2018
Sist oppdatert: 31.07.2018