Hopp til innhold

Arne Vinje

Arne Vinje, bonde, kulturformidlar og politikar for Sosialistisk Venstreparti. Han har prøvd å verkeleggjere Arne Næss og andre sin økofilosofi gjennom praktisk arbeid med jord og ord. Etter kvart har han utvikla eit politisk program for ein inkluderande og lokalt basert nasjonalisme.

Arne Vinje er fødd 6. august 1951 i Vinje og voks opp der og i Åsgårdstrand. Han tok vidaregåande utdanning ved Bø gymnas og var ferdig uteksaminert i 1970. I perioden 1971–76 studerte han filosofi, folkeminne og etnografi ved Universitetet i Oslo. Han var den første i landet med ein eksamen i «økofilosofi». Dette var ei tanke- og vitskapsretning utvikla av mellom andre Arne Næss. Vinje var medredaktør for boka Økologi. Økofilosofi (1975) og medhjelpar i Arne Næss si populære bok Økologi, samfunn og livstil (1974). Han engasjerte seg òg i Samarbeidsgruppene for natur- og miljøvern (snm), som mellom anna stod bak den kjende Mardøla-aksjonen. Samstundes engasjerte han seg for meir aktivitet på bygdene gjennom Aksjon Bygde-Noreg.

I 1979 tok Vinje over familiegarden Jordi i Vinje kommune. Han bygde ut og la vekt på sauehald og skogsdrift. Fem år seinare gifta han seg med Kari Tellefsen, som han fekk to barn med, og som involverte seg i gardsdrifta. I tillegg til gardsarbeidet engasjerte Vinje seg i Norsk bonde- og småbrukarlag. Han hadde verv som fylkesleiar i Telemark frå 1980, vart seinare ordførar for det nasjonale representantskapet, og i 2000–02 var han leiar for heile organisasjonen. I 1990-åra skreiv Vinje fleire bøker der han vidareformidla verka, ideane og forteljingar om kunstnarane Tarjei Vesaas, Dyre Vaa og Henrik Sørensen. Han skreiv òg ei bok om Vinje kyrkje. I alle desse bøkene var temaet naturen og landskapet i Telemark. Han vidareformidla òg generell økofilosofi gjennom å skrive ei lærebok for vidaregåande skule: Menneske, natur, kultur (1994).

Vinje engasjerte seg sterkt i kampanjen mot norsk EU-medlemskap fram mot folkerøystinga i 1994. Han formulerte eit politisk program for ein inkluderande og lokalt basert nasjonalisme. Ein av idealfigurane hans var diktaren Arne Garborg, som såg seg sjølv som både jærbu og verdsborgar, og som stod norskdomsrørsla nær – ei rørsle Vinje såg på som den norske utgåva av eit internasjonalt radikalt og demokratisk prosjekt mellom kapitalisme og kommunisme. Frå og med 1995 engasjerte Vinje seg i Sosialistisk Venstreparti (SV) som kommunestyrerepresentant. Vinje var ordførar i tolv år i Vinje kommune, frå 2003 til 2015. Frå 2013 er han fast medlem i SV sitt landsstyre. Arne Vinje etablerte i 2003 eit eige firma som driv med språkrådgiving, og i 2013 var han medredaktør for ei debattbok som vart gitt ut i samband med Norsk bonde- og småbrukarlag si hundreårsfeiring.

I 2008 fikk Vinje, som ordførar i Vinje, Amnesty-prisen for god integreringa av flyktningar frå Somalia.

Kjelder

CV frå Arne Vinje 26.2.2014

Vårt Land 6.9.2011

Kommunal Rapport 29.10.2008

Arne Vinje i Aksel Nærstad: Globaliser kampen. Globaliser håpet. En annen verden er mulig. Utviklingsfondet, Oslo 2001

Arne Vinje: Ord og bilete. Tarjei Vesaas 1897–1997. Vinje handverkslag, Vinje 1997

Arne Vinje og Tore Skår: Dyre Vaa. Ein kunstnarbiografi. Oslo 1997

Arne Vinje: Menneske, natur, kultur. Oslo 1994.

Paul Hofseth og Arne Vinje (red.): Økologi. Økofilosofi. Oslo 1975

Arne Næss: Økologi, samfunn og livstil. Oslo 1974

Peikarar

Arne Vinje i Bibsys

Først publisert: 22.12.2014
Sist oppdatert: 19.01.2017