Hopp til innhold
Aslak Versto. Foto: ©Stortingsarkivet/Scanpix.
Aslak Versto. Foto: ©Stortingsarkivet/Scanpix.
X
Innhald

Aslak Versto

Aslak Versto var gardbrukar og arbeidarpartipolitikar, ordførar i Vinje i tre periodar og stortingsrepresentant for Telemark i to periodar.

Aslak Versto var fødd 20. desember 1924 og døydde 25. november 1992. Han hadde framhaldsskule og handelsskule og fullførte eittårig mellomskule i 1940.

Versto dreiv eiga transportverksemd i 1948–58 og var gardbrukar på Tveito i Vinje frå 1958 til 1992. Han kom inn som kommunestyrerepresentant for Arbeidarpartiet i Vinje i 1947 og var medlem av formannskapet fram til 1951. Vegen til politikken var kort, sidan faren, Olav Versto, var stortingspolitikar i perioden 1928–61. Aslak Versto vart ordførar i 1959 og hadde vervet i tre periodar, fram til 1971. I 1979 vart han på ny vald til ordførar og sat til 1987.

Versto hadde òg lang fartstid som fylkespolitikar. Han var medlem av fylkestinget i Telemark frå 1959 til 1970. I åra 1963–69 var han i tillegg medlem av fylkesutvalet. Han hadde også ein periode som fylkestingsmedlem, frå 1987 til 1991.

I 1969 kom Versto inn på Stortinget og sat to i periodar. Han hadde vore ordførar i Vinje under Tokke-utbygginga, noko som etter kvart resulterte i det største kraftverket i Nord-Europa då det stod ferdig i 1961. Dette engasjementet tok han med seg inn på Stortinget, der han den første perioden var medlem av industrikomiteen og i andre perioden kommunal- og miljøvernkomiteen. Han markerte seg elles på mange av dei same sakene som faren hadde gjort. Han var oppteken av landbruks- og kommunepolitikk, stod støtt på venstresida i Arbeidarpartiet og var tydeleg motstandar av norsk medlemskap i EF (no EU).

Versto var leiar av Telemark Arbeidarparti i 1968–69. Han hadde òg ei rekkje offentlege verv på både kommunalt, fylkeskommunalt og statleg nivå. Han var mellom anna medlem av hovudstyret i Statens landbruksbank i 1965–81 og 1981–92 og medlem i Norsk språkråd frå 1972 til 1988.

Kjelder

Aslak Versto, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=ASVE [lesedato 11.6.2018]

Bjørn Eggereide: «Som far så son», nrk.no, publisert 25.1.2012: https://www.nrk.no/arkiv/artikkel/to-tingmenn-fra-telemark-1.7968208 [lesedato 11.6.2018]

Anne Lognvik, «Held deg varm i femti år», nrk.no, publisert 2.9.2014: https://www.nrk.no/telemark/kraftverk-blir-oppgradert-1.11905120 [lesedato 11.6.2018]

Først publisert: 05.12.2018
Sist oppdatert: 05.12.2018