FAKTA
- 1915-2000, fødd i Jølster
- Tok vare på gamle husflidstradisjonar
- Vov sjølv og formidla husflidsvarer
- Starta Audhild Vikens Vevstove på Skei i Jølster i 1950
- Audhild Viken AS driv i dag fleire butikkar
Audhild Viken, pioner når det gjeld framstilling og omsetnad av vovne og strikka husflidsvarer med utgangspunkt i nedarva mønster, fargeval og teknikkar frå Jølster og bygdene omkring.
Audhild Viken var
fødd i Jølster 5. juli 1915 og budde der til ho døydde i 2000. Ho hadde inga
anna utdanning enn folkeskule, der ho miste eit år på grunn av sjukdom. Ho voks
opp på garden Fossheim i Jølster, der mor hennar, Olina Fossheim (1887–1969),
var vide kjend som ei kjelde til kunnskap om og samlar av tradisjonell klednad,
særleg bunadsklede, vovne åklede og løparar. Viken organisererte eit stort
nettverk av medarbeidarar rundt om i heimane og utvikla eit salsapparat gjennom
firmaet Audhild Vikens Vevstove på Skei i Jølster, etter kvart den største turisthandelsverksemda
i Noreg, med utsal ei rekkje stader rundt om i landet.
Å gripe sjansen
Under krigen 1940–45 vart
det god marknad for vevnader på grunn av mangel på tesktilartiklar. Like etter
krigen kom andre varer som utkonkurrerte vevsakene ei tid. Men tidleg i 1950-åra
tok omsetnaden seg opp att, og Viken starta ei vevstove med mange vevstolar og
etablerte firmaet Audhild Vikens Vevstove på Skei i Jølster i 1950. Litt etter
vart ektemaken arbeidsufør, og Viken vart eineforsørgjar av familien med mann
og to søner.
Audhild Viken var ei
uvanleg tiltaksam kvinne. Ei kort tid prøvde ho oppdrett av griser som næring,
og ho leigde ut hus til turistar. Men snart tok arbeidet med produksjon og
omsetnad av husflidsvarer all tid. Ho hadde no skaffa seg rikeleg tilgang til heimeproduserte
husflidsvarer, men problemet var å nå fram til kundane med marknadsføring og
sal. Ved oppmuntring og hjelp frå vener kom ho i gang med sal i distriktet ved
å oppsøkje kundane, først ved rutegåande transport, med båt, til fots, på
sykkel og moped, og etter kvart med bil. Det viste seg at interessa for
produkta ho baud fram, var stor, og salet auka sterkt. Når kundane av og til syntest
at varene var dyre, svara ho at samanlikna med arbeidsinnsatsen som låg i
produkta, var vevsakene noko av det billegaste dei kunne kjøpe.
Organisering av produksjon og omsetnad
Audhild Viken sette i
1970 opp eit enkelt utsal på Skei og utvida salsframstøytane til Momarkedet, og
ved reiser både til Sørlandet og Vestlandet elles. Det vart ei fast ordning med
salsturnear ein månads tid kvar sommar. Ofte var det slekt eller vener som
tilbaud overnatting. Etter kvart kunne opptil 200 medarbeidarar, dei fleste
kvinner, i Jølster og distriktet omkring, vere med i produksjonen, kvar i sin
heim. Dette vart ei viktig attåtinntekt for desse kvinnene, der fritida kunne
nyttast til inntektsgivande arbeid. Svært mange var husmødrer som ikkje hadde
arbeid utanfor heimen, og for dei var husflidsproduksjonen og inntekta
kjærkomen, ja, bortimot ein leveveg.
Viken tilsette etter
kvart faste medarbeidarar og måtte sjølv slutte å veve for å ta seg av drifta
av firmaet, særleg organiseringa av og kontakt med medarbeidarane, og val av
nye mønster og fargar i produkta. Utsalet på Skei vart utvida etter kvart og
trekte til seg den aukande turiststraumen i Noreg utover i 1970- og 80-åra, og
i heile tida etter. Turisthandelen auka sterkt framover mot tusenårsskiftet. I
sommarsesongen vart utsalet på Skei ein fast stoppestad for turistbussar frå
mange land og turistar frå alle verdsdelar. Slik er det framleis.
Utvida drift
Enno i Audhild Vikens
levetid, særleg etter at sonen Hallvard og kona hans, Eli, kom inn i firmaet, vart
produktomfanget i firmaet utvida kraftig, i første omgang særleg med norske,
tradisjonelle varer innanfor ulike former for brukskunst og gåveartiklar.
Seinare er utsala utvida med sal av bunader, Astrup-reproduksjonar, smykke,
juleartiklar og anna.
Etter kvart vart det
etablert butikkar i Førde, på Bryggen i Bergen, i Geiranger, Oslo, Stavanger og
Trondheim. Fem av desse butikkane utgjer Ting-kjeda, som hovudsakleg omset
importerte gåveartiklar og bruksting, ei stor endring frå det Audhild Viken
starta med. I sommarsesongen arbeider det nærmare 150 personar i verksemda.
Audhild sine to barnebarn, Harald og Audun Viken, har etter kvart teke over
ansvaret for mesteparten av forretningsdrifta.
Heider
Audhild Viken sitt
motto var: «Du veit ikkje kva du greier før du prøver, og det er utruleg kva du
greier når du vil.» Innsatsen hennar vart lagd merke til i vide krinsar. Som
påskjøning vart ho heidra med Fylkeskulturprisen for Sogn og Fjordane i 1988 og
Kongens fortenestemedalje i 1989.
Kjelder
Aagot Noss: Jølster og den gamle klesskikken. Oslo 2005
Peikarar
Først publisert: 14.02.2011
Sist oppdatert: 29.04.2013