Hopp til innhold
X
Innhald

Berit Opheim Versto

Berit Opheim Versto, songar og kvedar. Tre gonger har ho vore den beste i vokal tradisjonsmusikk på Landskappleiken. Ho meistrar andre songformer like godt.

Versto er fødd på Voss 18. juni 1967. Ho er utdanna ved Noregs musikkhøgskule, har vore knytt til Ole Bull Akademiet på Voss og meistrar både tradisjonsmusikk, kveding og klassisk song.
 
Versto vann klassen for vokal folkemusikk på Landskappleiken i 1992, 1995 og 1996.
 
Første albumet under eige namn gav ho ut i 1997: Eitt steg. Våren 2000 kom Småkvedarane frå Voss, som resultat av eit fleirårig opplæringsprosjekt i eigen regi. Ho har også samarbeidd mykje med andre songarar og musikarar, som i tingingsverket Ein engel går stilt for VossaJazz i 2007.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 26.04.2013