Hopp til innhold
Foto: Samlaget
Foto: Samlaget
X
Innhald

Berit Vatne Vik

Berit Vatne Vik, forfattar som debuterte skjønnlitterært 66 år gamal med første bandet i ein serie historiske romanar med handlinga lagd til 900-talet.

Berit Vatne Vik er fødd i Seim i Nordhordland 13. september 1933. Ho er busett på Osterøy i Hordaland. I åra 1951–1955 gjekk ho på Stord off. lærarskule, men har praktisert lite som lærar. For det meste har ho vore husmor og sysla med husflid. I mange år dreiv ho Galleri Osterøy og vov åkle. Med røter på Fitjar er ho vel kjend med det landskapet ho skildrar i bøkene om Gudrød-sønene. Den oppdikta sonesonen til Eirik Blodøks, Gudrød, er hovudperson i dei to første bøkene i serien, Leirfuglen (1999) og Reise med vinden (2000). I dei to neste, Rop over havet (2007) og Draumen om Hallgjerd (2009), er det Torarin, son til Gudrød, handlinga dreiar seg om. Romanane er baserte på historiske hendingar, til dømes slaget på Fitjar i 960, og handlinga er elles lagt til dei norrøne områda i vesterveg – Shetland og Orknøyane.
 
I tillegg til desse bøkene har Berit Vatne Vik gitt ut Dagen om natta (2003), som handlar om ei ung kvinne som vert spedalsk, for omlag 150 år sidan. Elisa (2005) er lagt til vår eiga samtid og inneheld element av fantastisk litteratur. Vatne Vik har fått gode kritikkar for ungdomsromanane sine. Ho har tidlegare hatt dikt og forteljingar på trykk i Dag og Tid, Tun, Norsk Barneblad og Magne.
 
Kjelder
Kontakt med Berit Vatne Vik
 
Forfattarside om Berit Vatne Vik, Det Norske Samlaget, samlaget.nohttp://samlaget.no/Forfattarar/V/Berit-Vatne-Vik.aspx [lesedato 03.11.2010]
 
Peikarar

Først publisert: 29.01.2010
Sist oppdatert: 29.04.2013