Hopp til innhold
X
Innhald

Christian Vidsteen

Christian Bang Vidsteen, lege og språkgranskar. Han gav ut bøker om bygdemåla i Sunnhordland, Hardanger og på Voss og skreiv ei dansk-norsk ordbok.

Christian Vidsteen var fødd 11. januar 1832 i Tysnes og døydde 8. februar 1915 i Leirvik på Stord. Han tok examen artium ved katedralskulen i Bergen i 1848 og medisinsk embetseksamen i 1856 ved universitetet i Kristiania. Deretter reiste han på studietur i utlandet eit år. Det meste av tida var han i Wien og Paris.
Etter eit par månader som praksislege i Bergen vart han i mai 1858 konstituert som distriktslege i ytre Hardanger. Men allereie same hausten vart han utnemnd til distriktslege i indre Sunnfjord med bustad i Førde. Frå hausten 1863 var han distriktslege i ytre Sunnhordland med Leirvik som bustad.
Han tok avskil frå legegjerninga i juni 1882 og vigde seg til språkgransking. Same året gav han ut Oplysninger om Bygdemaalene i Søndhordland. Han var så på Island nærare eitt år for å lære islandsk betre. I 1884 gav han ut Oplysninger om Vossemaalet, året etter Oplysninger om Bygdemaalene i Hardanger. I 1900 kom Ordbog over Bygdemaalene i Søndhordland. Med en kortfattet Lydlære og Bøiningslære samt Sprogprøver, som blir rekna som hovudverket hans. Boka har etter Marius Hægstads utrekning 14 000 oppslagsord. I 1907 vart Dansk-norsk Ordbog utgitt, ei ordbok med danske oppslagsord og omsetjingar på landsmål.
Ordbog over Bygdemaalene i Søndhordland kom i ny utgåve ved Sunnhordland folkemuseum og sogelag i 1983.
Landeigedomen sin, «Furulund», gav han til Leirvik Brand- og bygningskommune mellom anna på det vilkåret at det skulle vere ein park for folk i Leirvik. Parken, som Stord kommune i dag har hand om, er på ca. 15 mål og gir tilhald for Sunnhordland museum.
Kjelder
Bergens Kathedralskoles Historie fra 1826 til 1858. Bergen 1859
«Dødsfald». Aftenposten 9.2.1915
Severin Eskeland: «' Ein god son av si heimbygd'. Chr. Vidsteen». Sunnhordland. Tidsskrift. Utgjeve av Sunnhordland Museum og sogelag. 1948
Torleiv Hannas: «Christian Vidsteen». Syn og Segn nr. 9/1915
F.C. Kiær: Norges læger i det nittende aarhundrede. 1800–1871. Christiania 1873
I. Kobro: Norges læger. 1800–1908. Bd. 2. Kristiania 1915
Ole Didrik Lærum: «Christian Vidsteen og vossamålet». Gamalt frå Voss. 1977
Stord kommune: Kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø. Vedteken 26.11.2009
Chr. Vidsteen: Dansk-norsk Ordbog. Lervik paa Stord. I Hovedkommission hos det vestlandske Maalkontor, Bergen 1907
Chr. Vidsteen: Oplysninger om Bygdemaalene i Søndhordland. Bergen 1882
Chr. Vidsteen: Oplysninger om Vossemaalet. Bergen 1884
Chr. Vidsteen: Ordbog over Bygdemaalene i Søndhordland. Med en kortfattet Lydlære og Bøiningslære samt Sprogprøver. Bergen 1900
Peikarar

Først publisert: 11.03.2013
Sist oppdatert: 11.03.2013