Hopp til innhold
X
Innhald

Cornelis Vreeswijk

Cornelis Vreeswijk, 1937–87, var nederlandsk-svensk visesongar og -diktar, komponist og kabaretartist. Vreeswijk hadde ein burlesk, satirisk stil som vekslar med var kjærleikslyrikk.
 
Han hadde eit utal fjernsynsframsyningar og plateutgivingar, mellom anna med songar av Bellman og Taube. Vreeswijk viste seg som seriøs poet med Felicias svenska suite (1978) og Till Fatumeh (1978)
 
Plateomslag. Foto: Hans Things, Flickr.com CC BY
Plateomslag. Foto: Hans Things, Flickr.com CC BY

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 14.05.2014