Hopp til innhold
X
Innhald

Dyre Vaa

Dyre Vaa, produktiv bilethoggar og målar som kom til å prege norsk skulpturmiljø frå 1930-åra.

Dyre Vaa var fødd 19. januar 1903 i Kviteseid og døydde 11. mai 1980 i Rauland. I 1917 flytta han med familien til Kristiania, der han tok mellomskuleeksamen og examen artium i 1920. Dyre Vaa studerte ved Statens håndverks- og kunstindustriskole og ved Statens kunstakademi i 1922–23. Han vekte først oppsikt som skribent, som då han i 1923 skreiv at forma er grunnlaget for god skulptur. Same året besøkte han Paris, Roma og Aten. Det kunstnarlege gjennombrotet kom med portretthovudet «Ivar Tveiten», som blei vist på Haustutstillinga i 1925 og seinare kjøpt inn av Nasjonalgalleriet. Dyre Vaa gifta seg med Thora Bojer i 1927 og flytta tilbake til Rauland i 1935. Han bygde sitt eige atelier på eigedomen sin Sporanes ved Totak, der han budde til han døydde.
Dyre Vaa hadde svært mange offentlege oppdrag. Ved Ankerbrua i Oslo har han laga fire bronseskulpturar med motiv frå norske folkeeventyr. Holberg-monumentet ved Nationaltheatret er forma av Vaa, og han er representert med skulpturar på domkyrkja i Trondheim. Han har laga «Sjøfartsmonumentet», som blei avduka i 1950 i Bergen og svanefontena i borggarden til Oslo rådhus. Statuen «Rallaren» blei avduka på Notodden i 1965. I 1968 laga han ein bronsestatue av Aasmund Olavsson Vinje i Sogn studentby, Oslo.
Vaa var talsmann for ein tradisjonell figurativ skulptur. Kunsthistorikarar som etterlyste fornying, såg han på som modernismens klakørar.
Dyre Vaa fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 1951 og Nidaros domkyrkjes gullmedalje i 1969. Same året blei han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Telemark fylkestings æresløn fekk han i 1973.
Truleg eksisterer det i dag om lag 250 skulpturar og byster forma av Dyre Vaa, dessutan 1000–1200 måleri og 31 litografi. I 1970-åra gav Dyre Vaa dei fleste av gipsfigurane sine til Vinje kommune. Ein kan sjå arbeida til kunstnaren i den permanente utstillinga Dyre Vaa-samlingane i Rauland, som blei opna i 1981.
Kjelder
Einar Østvedt: Dyre Vaa – telemarking og europear. Oslo 1962
Reidar Revold: Norges billedkunst i det nittende og tyvende århundre, bd. 2. Oslo  1953
Øistein Parmann: Norsk skulptur i femti år. Oslo 1969
Svein Aamold:  «Dyre Vaa», Norsk biografisk leksikon, bd. 9. Oslo 2005. Elektronisk utgåve ved Store norske leksikon, snl.nohttp://snl.no/.nbl_biografi/Dyre_Vaa/utdypning [lesedato 30.09.2010]

Først publisert: 15.10.2010
Sist oppdatert: 22.04.2014