Hopp til innhold
X
Innhald

Fartein Valen

Fartein Valen, 1887–1952, var komponist frå Sveio i Hordaland.

Valen skreiv først verk i seinromantisk stil, men frå Ave Maria og Trio (1924) nytta han ein atonal polyfon stil (utan å nytte vanleg 12-toneteknikk) der ekspressiviteten er halden i hevd. Han skreiv mellom anna kammermusikk, songar, motettar og einsatsa orkesterverk, som Kirkegården ved havet og Cantico de ringraziamento. Seinare kom mellom anna to konsertar, Fiolinkonsert og Klaverkonsert, og fire symfoniar.
 
 
Sjå og høyr konsertføredrag om Fartein Valen:
 
 
 
 
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 13.01.2014