Hopp til innhold
X
Innhald

François Marie Arouet Voltaire

François Marie Arouet Voltaire, 1694–1778, var fransk filosof, historikar og forfattar, og den fremste av dei franske opplysningsfilosofane.

Voltaire var landflyktig i periodar på grunn av dei frisinna ideane og den kritiske og satiriske innstillinga til statsmaktene. Han hadde enormt mykje å seie både for samtida og ettertida, meir gjennom trua på fornuft, toleranse og fridom og haldninga si, enn gjennom verka sine.
 
Voltaire skreiv tragediar, mellom andre Zaire (1732) og Mahomet (1742); eposet La Henriade (1728); historieverka: Le siècle de Louis XIV (1751), Histoire de Charles XII (1731) og Essai sur l'histoire générale (1753–56); filosofiske verk: Traité sur la tolérance (1763) og Dictionnaire philosophique (1764); filosofiske forteljingar: Zadig (1747) og Candide (1759, norsk utgåve i 1945).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.08.2012
Sist oppdatert: 04.08.2012