Hopp til innhold
X
Innhald

François Viète

François Viète, 1540–1603, fransk jurist og matematikar. Sjølv om matematikken berre var ein fritidsaktivitet for han, har han sett sterke spor etter seg i faget. Han vert omtalt som "far til algebraen" fordi han var den første som systematisk brukte bokstavar i matematikken. Han er mest kjend under den latinske forma av namnet: Vieta.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012