Hopp til innhold
X
Innhald

Guri Vesaas

Guri Vesaas, forlagsredaktør. Med gode hjelparar, men mest av eiga kraft, fornya Guri Vesaas den nynorske barneboktradisjonen frå 1970-åra og utetter, og ho blei den fremste barnebokforleggjaren i landet.

Vesaas er fødd i Vinje 13. januar 1939. Med cand.mag.-grad frå Universitetet i Oslo i 1965 blei ho tilsett som forlagsredaktør i Det Norske Samlaget i 1966. Ho var ei tid redaksjonssekretær for ungdomstidsskriftet Vår samtid og hadde permisjon eitt år for å arbeide i barnebladet Maurtua. Frå 1975 til 2007 arbeidde ho med barne- og ungdomsbøker i Samlaget, dei første åra saman med Gudny Dalflyen.
 
Med ei usliteleg vurderingsevne utvikla Vesaas ein heilt ny generasjon av nynorske barne- og ungdomsbokforfattar og sette seg i djup respekt blant kollegaer i både inn- og utland.
 
For det store omsetjingsarbeidet sitt, medrekna det som er signert Hanna Midtbø, fekk Guri Vesaas Bastianprisen i 2005. Nynorsk kultursentrum kåra henne til «Årets nynorskbrukar 2007» for å «gjere barne- og ungdomsbøker på nynorsk til eit synonym for kvalitet og styrkje den språklege sjølvtilliten til unge nynorskbrukarar». Same året fekk ho heidersprisen under utdelinga av Brageprisane, og ho blei utnemd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
Hanna Midtbø alias Guri Vesaas. Samlagets julebok 2006

Først publisert: 24.07.2009
Sist oppdatert: 19.04.2018