Hopp til innhold

Helgi Valtýsson

Helgi Valtýsson var lærar og forfattar frå Island, busett fleire år i Noreg, sterkt engasjert i ungdomslagsrørslene i dei to landa og den første som omsette eit utval islandsk lyrikk til landsmål.

Helgi Valtýsson var fødd 5. oktober 1877 i Loðmundarfirði på Island og døydde 6. mars 1971 på Akranesi på Island.

Valtýsson tok lærarutdanning i Noreg, med eksamen frå Volda lærarskule i 1900. I 1902 gifta han seg med Severine Sørheim frå Volda.

Frå 1900 til 1913 var han lærar på Island, men reiste tilbake i Oslo og gjekk Statens gymnastikkskole i Oslo i 1903–04. Etter mønster frå dei norske ungdomslaga var Valtýsson med på å skipe Ungmennafélag Íslands på Island i 1907. Året før hadde han fått i gang Ungmennafélag Reykjavíkur. I 1909 grunnla han Skinfaxi, organ for ungdomslagsrørsla på Island, og var redaktør fram til 1911.

Frå 1913 til 1920 budde og arbeidde Valtýsson i Noreg. Han var redaksjonssekretær i Gula Tidend i 1913–16, lærar ved Valdres folkehøgskule i 1916–17 og ved Voss offentlege landsgymnas i 1917–20.

I Noreg var han aktiv i ungdomslagsrørsla, som talar og som talsmann for kultursamarbeid mellom Noreg og Island. I 1908 var han ein av talarane på det store norrøne stemnet på Voss, som Noregs Ungdomslag skipa til, og på Firda-stemnet i Stryn i 1914 heldt han føredrag om «Frendefolki, islendingar og nordmenner, i gamal og ny tid».

I åra 1901–02 hadde Valtýsson fleire omsetjingar frå islandsk til landsmål på trykk i Den 17de mai. Han «vart den fyrste som i ålvor førde islendsk lyrikk over til norsk mål» (Clausen 1970, side 6).

Valtýsson debuterte som forfattar i 1908 med Blýants-myndir. Vísur og ljóð. I tillegg til dikt på islandsk inneheld boka eit helsingsdikt til kona på dansk-norsk, fem eigne dikt på landsmål og ein bolk omsetjingar til landsmål av åtte islandske forfattarar fødde på 1800-talet. Alt tyder på at dette er den første større presentasjonen av islandsk lyrikk på norsk.

Blýants-myndir. Vísur og ljóð har også eit kapittel med rettleiing om uttale av islandsk, ei islandsk-norsk ordliste og eit «Etter-spel», der Valtýsson skriv at han gir boka si som ei helsing til Noreg, og at «… det vilde vera ein vinning for nynorsk dikting aa verta meir kjend med islendsk lyrik».

I 1920 fekk Valtýsson delt tredjepremie i ein konkurranse om beste nordfjordsong, som Firda ungdomslag skipa til. Songen heitte «Fraa flogbratte fjelli med fossar og stup», til same melodi som «Der ligger et land mot den evige sne».

I 1920 flytta Valtýsson attende til Island og vart leiar for eit islandsk avdelingskontor for forsikringsselskapet Andvake. I 1936 gav han ut novellesamlinga Væringjar. Etter det skreiv han fleire bøker på islandsk, både skjønnlitterære og historiske.

«Aasegarden» av Helgi Valtýsson

Soleglad. Sumarkveld.
Högt og lett i himmelleite –
straalesveipt i stille lufti –
ljos og trygg med lauvskog attum –
einleg stend han – Aasegarden.
Attmed stova björki böygjer
bljug og fager sine greiner,
vârt og lett i varme gufsar
voggar hennar gröne kruna.
Maaltrost sev i millom bladi,
dröymer sæle sumardraumar –
andar livsens elsk og eldhug
dult og lett or dunklædd bringa.

Sumarnott, stor og still –
ljos – i lettslörd brudebunad –
Svæver heimen, svalar jordi,
gret si dogg paa blad og blomar,
breider draum og dulde hugsviv,
löynt og lett yv` unge hjarto; –
barnerein i skuldlaus skirleik
dreg og lokkar, signer sullar,
svalar blitt dei heite barmar,
svæver alt i sine armar.

Sval eg svevndöyvd sumarmidnott
dreg or jordi dulde andar.
Löynt dei sviv som lette skuggar,
leitar att paa heimetufter.

Ser du björki – Aasebjörki!
Sjaa, ho andar, og ho liver.
Skjelv og titra gröne greiner,
doggblaa taarer dryp paa jordi.
Aa, ho græt, ho! Sorg og saknad,
heimhug, elskhug, hugsaar lengting
– Ivar`s heile ungdomssoga
andar utav kvart eit blad.

                   *

Högt og lett i himmelleite
einleg stend han – Aasegarden.
 

Frå Helgi Valtýsson: Blýants-myndir. Vísur og ljóð. Prentsmiðja Hafnarfjarðar 1908
(Forfattars fotnote til tittelen på diktet: Fæðingarstaður «Ivars i Asi»)

 

Kjelder

E‑post frå Idar Stegane 27.3.2019

 

Olav Hoprekstad (red.): Bondeungdomslaget Ervingen. 1900–1950. Bergen 1950

Conrad Clausen (red.): Islands tusund år. Dikt i utval. Bergen 1970

Jan Kløvstad (red.): Ungdomslaget. Noregs Ungdomslag 1896–1996. Oslo 1995

Ivar Eskeland: «Valtýsson, Helgi», Norsk allkunnebok, bd. X. Oslo 1964

 

Ármann Dalmannsson: «Helgi Valtýsson. Stofnandi Skinfaxa», Skinfaxi nr. 2/1971, timarit.is: http://timarit.is/view_page_init.jsp?issId=288045&pageId=4217051&lang=is&q=HELGI%20VALTYSSON%20Helgi [lesedato 4.11.2018]

Først publisert: 13.11.2019
Sist oppdatert: 04.12.2019