Hopp til innhold
X
Innhald

Henry van de Velde

Henry van de Velde [felde], 1863–1957, var belgisk arkitekt, formgivar og målar.

Van de Velde er rekna som ein av hovudfigurane i art nouveau frå 1890-åra. I åra 1901–14 verka han som professor i Weimar, og han hadde sterk innverknad på utforminga og spreiinga av stilen i Tyskland. Han gav dessutan ut verket Die Renaissance im modernen Kunstgewerbe (1901).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.10.2016
Sist oppdatert: 06.10.2016