Hopp til innhold
X
Innhald

Hugo de Vries

Hugo de Vries, 1848–1935, var nederlandsk botanikar og arveforskar. Vries arbeidde først som plantefysiolog, mellom anna med osmose, men er mest kjend for studiane over arv og variasjon som gjorde han til ein av grunnleggjarane av moderne genetikk.
 
Vries er ein av dei tre som gjenoppdaga og stadfesta Mendels lover. Dette vart publisert i 1900. Mutasjonsteorien, som vart lagt fram i Die Mutationstheorie (2 bind, 1901–03), braut med ideen om dei uforanderlege arvefaktorane.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.11.2013
Sist oppdatert: 28.11.2013