Hopp til innhold
Faksimile av framsida til boka Turi og venene hennar (1936). Kjelde: nb.no. Nytta etter avtale med Nasjonalbiblioteket.
Faksimile av framsida til boka Turi og venene hennar (1936). Kjelde: nb.no. Nytta etter avtale med Nasjonalbiblioteket.
X
Innhald

Ingebjørg Valen

Ingebjørg Valen, barnebokforfattar, gardbrukar og medisinstudent. Ho gav ut to barnebøker som no står att som gode tidsvitne.

Ingebjørg Valen (fødd Torsdotter Vaa) var fødd 7. mai 1893 i Kviteseid i Telemark og døydde 16. september 1981. Ho var søster til Aslaug og Dyre Vaa. I 1919 gifta ho seg med jordbrukskandidaten og politikaren Neri Valen og flytta til farsgarden hans, Valen i Bø. Ho er gravlagd ved Bø kyrkje.

I 1907 tok ho mellomskuleeksamen i Brevik. Examen artium avla ho ved Aars og Voss’ skole i Oslo. Frå 1914 til 1918 studerte ho medisin, med eit par avbrot på grunn av sjukdom. Ho sat i to periodar i Bø heradsstyre. I 1945–46 sat ho i styret for Telemark fylkesmuseum.

Valen gav ut to barnebøker. I 1936 debuterte ho med Turi og venene hennar, som handlar om åtte år gamle Turi, hunden Pål og opplevingane deira på garden og i naturen. Tjue år seinare kom Tvillingane i sundet (1956). Vesl-Anne og Gro går til skomakaren, begynner på skulen og leikar «neger». Boka kom ut tjue år etter debuten, men skildrar ein rural oppvekst frå om lag sekelskiftet og fekk positive kritikkar i dagspressa. Tidsskriftet Syn og Segn meinte derimot at det var for lite dramatikk i boka. Boka vart lesen opp i radio. Begge bøkene er interessante tidsvitne.

 

Kjelder

Stian Henneseid: Bø-soga II. Telemark. Gards- og ættesoga, bd. IV. Bø 1986

Jonas Jansen (red.): Studentene fra 1912. Oslo 1937

 

Birger Risnes: «Neri Valen», Norsk biografisk leksikon, elektronisk utgåve, nbl.snl.no: https://nbl.snl.no/Neri_Valen [lesedato: 04.12.1019]

Soge.kviteseid.no: https://www.soge.kviteseid.no/individual.php?pid=I11712&ged=Kviteseid.GED [lesedato 10.12.2019]

 

Peikarar

Ingebjørg Valen: Tvillingane i sundet. Digitalisert utgåve, nb.no

Først publisert: 30.09.2020
Sist oppdatert: 30.09.2020