Hopp til innhold

Jan Erik Vold

Jan Erik Vold er ein allsidig og leikande forfattar og unik formidlar. Han er også ein særs viktig redaktør, gjendiktar, essayist og modernistisk poet. I tillegg er han ein unik scenekunstnar og plateartist, med ein heilt særeigen framføringsstil.

Jan Erik Vold er fødd 18. oktober 1939 i Oslo, men har budd i Stockholm sidan 1978. Han tok examen artium på reallinja ved Fagerborg gymnas i 1958. Han studerte engelsk og norsk ved Universitetet i Oslo frå 1960 og var stipendiat ved Santa Barbara-universitetet i USA i 1962–63.

Vold byrja som avisskribent mot slutten av 1950-åra, før han seinare arbeidde seg inn mot eit virke som redaktør og formidlar. Frå 1966 var han i to år redaktør for tidsskriftet Profil. Han var redaksjonsmedlem i Pax Forlag sin bokserie Paxlyrikk frå 1968 til 1973, og i åra 1970 til 1982 var han engasjert i Gyldendal sitt tidsskrift Vinduet og Cappelen sitt Basar. I 1980-åra var han bokmeldar i den svenske avisa Expressen, og utover i 1990-åra stod han bak mange radioprogram om poesi i Sveriges Radio.

Med samlinga mellom speil og speil debuterte Vold i 1965 som lyrikar. Boka bar i seg bod om komande konkret dikting og orientering mot det enkle, trivielle og eksperimentelle. Med Mor Godhjertas glade versjon. Ja i 1968 fekk han sitt store publikumsgjennombrot. Seinare har han hatt ein mangfaldig og svært nyskapande diktproduksjon, der han mellom anna har utvikla bruk av linjedeling og andre grafiske element til eit av dei modernistiske særtrekka sine. Sprudlande språkleg leik og artisteri er eit anna særtrekk hos denne kulturprofilen, og måten han pregar det offentlege rommet på, har gitt han ein heilt spesiell posisjon i litteraturen og samtidskulturen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video: Jan Erik Vold les diktet «Kulturuke», som kom ut i 1969 i diktsamlinga Kykelipi. 

Den første essaysamlinga, Entusiastiske essays, kom i 1976. Seinare har han brukt essayformatet til både litterære og satiriske innlegg. Han har redigert forfattarantologiar og framstilt samla forfattarskapar, mellom anna forfattarskapane til Gunvor Hofmo, Ellen Einan og Tomas Tranströmer. Andre forfattarar har han skrive biografiar om. Vold har i tillegg ei viktig rolle som omsetjar og gjendiktar. Gjennom han har mange utanlandske forfattarar nådd fram til norske lesarar.

Som opplesar, vokalist og plateartist har Vold ein særeigen formidlingsstil. Han er ein av dei første og beste i verda i jazz & poetry-sjangeren. Med sin spenstige og treffsikre vokal har han fått eit stort publikum til å opne augene ikkje berre for sin eigen forfattarskap, men også for mange andre forfattarskapar.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video: DIkt og jazz. Jan Erik Vold les dikt saman med musikarane Håvard Lund (bassklarinett), Erlend Skomsvoll (piano) og Håkon Mjåset Johansen (slagverk). Tromsø bibliotek og byarkiv 2016.

Vold har fått mange prisar og utmerkingar, mellom anna Tarjei Vesaas' debutantpris i 1965, Kulturrådets omsetjarpris i 1992, Brageprisen i 1993 og Brages heiderspris i 1997. I 1995 fekk han tildelt Diktartavla. Vold har vore nominert til Nordisk råds litteraturpris to gonger. Han fekk statsstipend i 1991, og i 2000 blei han utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Oslo.

Kjelder

Per Thomas Andersen: Norsk litteraturhistorie. Oslo 2012

Johan Fredrik Grøgaard: Jan Erik Vold, 50. Oslo 1989

Einar Økland: «Jan Erik Vold», i Norsk biografisk leksikon (nettressurs), publisert 13.2.2009 på snl.no: https://nbl.snl.no/Jan_Erik_Vold [lesedato 16.4.2017]

Peikarar

Sissel Hoffengh: «Taktkamp», portrett i Dagsavisen 25.10.2014 

Trine Nickelsen: «Dikter og doktor», intervju på Uniforum, nettavis for Universitetet i Oslo

Først publisert: 18.05.2017
Sist oppdatert: 22.05.2017