Hopp til innhold
X
Innhald

Jarle Vespestad

Jarle Vespestad, fødd 1966, er jazzmusikar med trommer som instrument. Vespestad er svært allsidig: Han har spela med mellom andre Veslefrekk, Supersilent, Farmers Market, Petter Wettre, Sigurd Køhn og Silje Nergaard.
Foto: Cihat Ertem, CC BY 2 .0
Foto: Cihat Ertem, CC BY 2 .0

Vespestad har turnert Noreg fleire gonger og har også vore på fleire festivalar utanlands med diverse band. I tillegg har han medverka på ei rekkje plateinnspelingar. I 1998 gav han ut albumet Orbit saman med saksofonisten Tore Brunborg.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 13.01.2014