Hopp til innhold
X
Innhald

Johannes Diderik Van der Waals

Johannes Diderik Van der Waals, 1837–1923, var nederlandsk fysikar. Han fekk nobelprisen i fysikk i 1910. I tilstandslikninga for ideelle gassar blir molekyla sitt eige volum og kreftene mellom dei neglisjert. Van der Waals fann ei meir nøyaktig tilstandslikning som tek omsyn til desse faktorane.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.12.2011
Sist oppdatert: 14.12.2011