Hopp til innhold
X
Innhald

Jonas Vellesen

Jonas Vellesen, kyrkjesongar og lærar, ein pioner når det gjaldt nynorske lærebøker for folkeskulen.

Jonas Vellesen var fødd i Øvrebygda i Bjerkreim 2. februar 1842 og døydde i Enebakk 26. november 1915. Alt som 15-åring vart han konstituert som lærar i ein skulekrins i heimbygda. Etter fastskulelova av 1860 skulle alle lærarar ha utdanning, og i 1861–1862 gjekk han saman med Arne Garborg og Torkell Mauland i ein privat lærarskule hos Velle Vellesen på Time. I 1865 vart han dimittert frå Holt seminar. I 1881 vart han utnemnt til kyrkjesongar og lærar i Enebakk. Ein slik kombinasjon var vanleg, sidan løna for ein lærar ikkje var nok til å fø ein familie.
 
Vellesen vart fascinert av Ivar Aasens arbeid alt i 1850-åra, og etter jamstellingsvedtaket i 1885 sette han i gang med å skrive nynorske lærebøker for folkeskulen. Den fyrste bok aat barnet kom ut i 1889, og boka vart stadig trykt opp att, den siste utgåva kom så seint som i 1945. Etter det skreiv han den første nynorske grammatikken for skulebruk og eit par historiebøker. Norske emne med rettleiding til aa læra skriva nynorsk (1909) var ei samling tekstar som kunne brukast til avskrift, diktat og attforteljing. Gamle lærarar kan fortelje at denne tekstsamlinga var i bruk så seint som rundt 1970.
 
Alle bøkene til Vellesen vart trykte i fleire opplag. I fleire av dei brukte han i-mål, og fleire av dei mest populære kom også på riksmål.
 
Kjelder
Jonas Vellesen: Ættesoge og minne (stensilert manus). Time historielag 1968

Først publisert: 29.01.2010
Sist oppdatert: 16.04.2018