Hopp til innhold
Jørgen Vikør. Foto: Ukjend. Frå arkivet til Norsk Allkunnebok. Nytta etter avtale med Nynorsk kultursentrum og Nasjonalbiblioteket.
Jørgen Vikør. Foto: Ukjend. Frå arkivet til Norsk Allkunnebok. Nytta etter avtale med Nynorsk kultursentrum og Nasjonalbiblioteket.
X
Innhald

Jørgen Vikør

Jørgen Vikør, forfattar og fotograf, skreiv ei rekkje romanar, barnebøker og ungdomsbøker med emne frå vestnorsk bygdemiljø.

Vikør var fødd i Norheimsund i Hardanger 11. mars 1897 og døydde same staden 10. desember 1985. Vikør var elektromontør ved Kvam Kraftverk i åtte år før han som sjølvlærd fotograf skipa eiga fotoforretning og dreiv Hardanger Fotosentral. Nokre spelstykke han skreiv til ungdomslaget, opna for ein produktiv forfattarskap. Han skreiv eit tjuetals bøker – romanar og bøker for barn og ungdom, mellom anna Rita, Rolv og ringen. Forteljestilen er reinskoren realistisk, og språket er godt. Mange av utgivingane nådde fleire opplag. Samla kom bøkene i over 70 000 eksemplar medan forfattaren levde. Av skodespela er tre trykte.
 
Romandebuten, med Makter som møtest, vart lagd merke til. Konfliktar i bygdemiljø er eit gjennomgåande tema i bøkene til Vikør. Intrigen i bøkene stig ofte fram av motsetnaden mellom generasjonane, der dei unge må kjempe for å vinne rom for seg og sitt. Dei unge viser eit meir ope syn på liv og samfunnstilhøve enn foreldra. Forfattaren står heile tida på ungdomen si side. Vikør er også oppteken av spenningar i forholdet mellom ulike religiøse grupper i eit bygdesamfunn. For romanen Gjennom framandt land (1952) fekk han Melsomprisen.
 
Kjelder
Knut L. Måge: Hardanger-Bibliografi. Norheimsund 1978
Anders Rosseland (skriftstyrar): Festskrift til Norheimsund Ungdomslag ved 60-årsjubileet. Øystese 1953
Lars Hanssen Torpe: Ættarbok for Kvam, bd. 3. Kvam 1972

Først publisert: 12.11.2009
Sist oppdatert: 19.04.2018