Faktaboks

Jorunn Veiteberg
Fødd
23. juli 1955, Stord
Portrett
Jorunn Veiteberg.
Portrett

Jorunn Veiteberg er norsk kunsthistorikar, dr.philos. og forfattar av ei rekkje bøker og artiklar om kunst og kunstnarar. Ho har vore spesielt oppteken av reklame, plakatar og kunsthandverk.

Virke

Veiteberg var professor II ved Kunsthøgskolen i Bergen i 2002–2015 og jobbar som frilansskribent og frilanskurator. Ho har vore redaktør for tidsskriftet Kunsthåndverk (1998–2007), har kuratert ei rekkje utstillingar i inn- og utland og hatt verv i ulike styre, komitear og juryar.

Doktoravhandlinga frå 2000 tok føre seg norske plakatar i historisk perspektiv. I 2005 ga ho ut debattboka Kunsthandverk om kunsthandverket si utvikling og stilling i dag. Boka finst òg i engelsk utgåve, Craft in transition.

Utviklinga av kunsthandverk frå å vere bruksting til skulptur, er noko Veiteberg lenge har vore oppteken av. I artikkelen «To use and being used by language» (2005) samanliknar ho denne utviklinga med utviklinga av nynorsk, og tek mellom anna utgangspunkt i eigne erfaringar som nynorskbrukar.

Veiteberg vart tildelt Norsk Forms Hederspris i 2010 og Norske Kunsthåndverkere sin ærespris i 2013. I 2015 vart ho kåra til Årets nynorskbrukar for bruken av nynorsk innan kunstfeltet.

Frå 2016 er Jorunn Veiteberg medlem av Kulturrådet.

Familie

Veiteberg er eldre syster til Kari Veiteberg.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg