Hopp til innhold
Kjell Venås, ukjent år og ukjend fotograf. Brukt med løyve frå Novus forlag.
Kjell Venås, ukjent år og ukjend fotograf. Brukt med løyve frå Novus forlag.
X
Innhald

Kjell Venås

Kjell Venås, professor emeritus i nordisk språkvitskap og ein av dei fremste og mest vidtfemnande forskarane i nordisk språkvitskap i etterkrigstida.

Kjell Venås vart fødd i Hemsedal 30. november 1927 og døydde 7. mars 2018. Han tok lærarprøva ved Volda offentlege lærarskule i 1954, examen artium ved Voss gymnas som privatist i 1956 og vart cand.philol. frå Universitetet i Oslo i 1960. Hovudfaget var morsmål med gamalnorsk. I 1967 vart han dr.philos. på ei avhandling om sterke verb i norske målføre.

Venås var vitskapleg assistent ved Nordisk institutt, Universitetet i Bergen 1961–63 og forskingsstipendiat ved Universitetet i Oslo 1963–66. I 1966–69 var han universitetslektor ved Universitetet i Oslo, i 1970–72 dosent og i 1972–97 professor i nordisk språkvitskap.

Venås hadde ein vidtfemnande vitskapleg produksjon og arbeidde særleg med nynorsk og norske dialektar, stadnamn, grammatikk og språksosiologi. Han gav òg ut ei større samling tekstar på norsk frå dansketida, Den fyrste morgonblånen (1990), og skreiv biografiar om Ivar Aasen, Marius Hægstad, Gustav Indrebø, Sigurd Kolsrud og Hans Ross. Han var ein av dei fremste kjennarane av Ivar Aasen. Venås skreiv òg populærvitskapelege artiklar og ei historisk framstilling av Noregs Mållag i 1980-åra. Som skribent meistra han fleire sjangrar og utnytta i stor mon rikdomen i nynorsk.

Venås var medlem av Norsk språkråd frå 1980 til 2000, og var i perioden 1980–96 skiftevis leiar og nestleiar i fagnemnda, som særleg arbeidde med normering.

Han vart vald inn i Det Norske Videnskaps-Akademi i 1974 og i Kungliga Gustav Adolfs Akademien i 1988.

Venås fekk i 1988 Buskerud Mållags målpris og i 1997 heiderspris frå Halldor O. Opedals fond for målreising og måldyrking. I 1993 fekk han Fridtjof Nansens påskjøning for framifrå forsking og i 1997 Formidlingsprisen for Det historisk-filosofiske fakultet, Universitetet i Oslo. Han vart i 2004 tildelt pris frå Jöran Sahlgrens prisfond for arbeidet med nordisk stadnamnforsking.

Kjelder

Andreas Bjørkum ofl. (red.): Kjell Venås. Målvitskap og språkrøkt. Festskrift til 70-årsdagen 30. november 1997. Oslo 1997

Jarle Bondevik: «Kjell Venås», Norsk biografisk leksikon, bd. 9. Oslo 2005

Tove Bull ofl. (red.): Mål og medvit. Heidersskrift til Kjell Venås på 60-årsdagen 30. november 1987. Oslo 1987

Geirr Wiggen: «Skrivaren Kjell Venås – eit publikasjonshistorisk riss», Mål og makt nr. 4/1997

Først publisert: 30.04.2010
Sist oppdatert: 03.04.2018