Hopp til innhold
X
Innhald

Knut Vaage

Knut Vaage, komponist og utøvar av improvisasjons- og samtidsmusikk. Han er særleg oppteken av møte mellom konservative former og moderne estetikk.

Vaage er fødd i Kvinnherad i 14. oktober 1961. Han er utdanna pianist og komponist ved Bergen Musikkonservatorium (1985–1990) og har sidan vore busett i Bergen.
Sentralt i verksemda hans står utforskinga av grenselandet mellom fri improvisasjon og komposisjon. Resultat av denne utforskinga finn vi presentert på plata «JKL: 8.–10. desember» (1998) med trioen JKL (Jørgen Træen, Knut Vaage, og Lars-Erik ter Jung).
Ein annan viktig del av arbeidet er dei partiturbaserte komposisjonane, som utgjer storparten av produksjonen hans. Mange av komposisjonane tek utgangspunkt i ulike motsetnader mellom konservative former og meir radikale uttrykk.
Mellom viktige partiturbaserte verk er Movements (1996/98) for sinfonietta, operaen Nokon kjem til å komme (2000), basert på Jon Fosse sitt skodespel med same namn, Hokkaidos hagar (2004) for piano og orkester og Tjat (2005) for orkester. Vaage har òg tonesett tekstar av Erling Indreeide, Hanne Bramness, Ove Røsbak og Ragnvald Vaage.
Vaage har vore leiar for Ny Musikk Bergen, Autunnale (1994–1997) og Avgarde (2006–2008). I 2003 fekk han Edvard-prisen for verket Graffiti.
Kjelder
Samtale med Knut Vaage
Biografi hos MIC Norsk musikkinformasjon, mic.no, publisert 05.08.2003, http://www.mic.no/nmi.nsf/doc/art2002070913591550148775 [lesedato 26.04.2010]
Peikarar

Først publisert: 26.04.2010
Sist oppdatert: 12.04.2012