Hopp til innhold
Foto: Samlaget
Foto: Samlaget
X
Innhald

Lars Amund Vaage

Lars Amund Vaage, forfattar som med sine stilreine, velkomponerte bøker vert rekna mellom dei fremste i norsk samtidslitteratur.

Vaage er fødd på Sunde i Kvinnherad 13. mai 1952. Han har bak seg ei avbroten pianistutdanning, noko som syner att i litteraturen, både tematisk og stilistisk. Vaage har vore festspeldiktar i Bergen i 2001 og ved Dei nynorske festspela i 2008. Han har vore formann i Norsk Forfattersentrum.
 
Vaage er tildelt ei rekkje prisar, mellom anna Kritikarprisen i 1995, Aschehougprisen, Oktoberprisen, Gyldendalprisen og Doblougprisen. I 2002 fekk han P2-lyttarane sin romanpris. I 2012 fekk han Brageprisen for romanen Syngja. For romanen Syngja blei han òg tildelt Nynorsk litteraturpris 2012.
 
Musikk som tema og inspirasjon
Lars Amund Vaage debuterte som forfattar i 1979 med romanen Øvelse kald vinter, ei bok som kritikken plasserte innanfor det rådande sosialrealistiske paradigmet. Vaage har etter kvart skrive bøker med utgangspunkt i både samfunnsøkonomiske, strukturelle og individuelle omskifte og brytingstider. Noreg mellom rural tradisjon og urbankultur er bakteppet i mykje av den tidlege litteraturen hans, men det er først og fremst opplevingane til hovudpersonane som kjem i framgrunnen.
 
I novellesamlinga Kyr frå 1983, førebels den einaste novellesamlinga Vaage har publisert, syner han ei uvanleg evne til å skrive seg tett inn mot individet og samstundes gjere alt som skjer i teksten, ikkje berre truverdig, men også viktig for lesaren. Dette får han til ved hjelp av eit naturleg og ærleg språk som gjer det spesielle representativt for det generelle. Boka fekk oppglødde kritikkar og sikra Vaage kollegial merksemd og vørdnad, men dei lesande massane fekk ikkje augo opp for denne uvanleg velkomponerte og gjennomtenkte boka.
 
I romanen Dra meg opp frå 1985 opnar Vaage meir opp for det komiske, sjølv om det aldri står utan ein komplementær undertekst av tragedie og alvor. Romanen kan lesast både reint realistisk og som ein allegori over det å stå fast i eitkvart, å gå seg ned i tradisjonen og bli verande der, men samstundes halde liv i ønsket om å få hjelp til å kome opp til si eiga tid, å bli innlemma i verda, å vere med, rett og slett.
 
Vaage har elles skrive fleire barnebøker, eit skodespel og to diktsamlingar, men det er først og fremst som prosaforfattar for vaksne han har fått merksemd, med tekstar som søkjer innover mot det personlege og ekte.
 
Den musikalske bakgrunnen har synt meir og meir att i bøkene til Lars Amund Vaage med tida. Språket er reint og rytmisk, vakkert og plastisk, og alltid effektivt. Også tematisk har musikken fått større plass i bøkene etter kvart, og med romanar som Rubato i 1995 og Tangentane i 2005 har han synt korleis møtet mellom skriftspråk og musikk kan utvikle stor og vesentleg litteratur, både ved freistnaden på å setje ord på dei opplevingar musikken kan gi, og i drøftingar om kunst og personlegdom.
 
I Rubato er hovudpersonen ein mann som avbryt musikkstudiet og vert anleggsarbeidar og lastebilsjåfør, men som ti år seinare, i samband med ei gravferd i familien, gjer ei reise attende til fortida, i retning av kunsten, musikken og alt det han gav opp. I Tangentane handlar det om ein sokneprest som, midt i livet, vurderer å gå ifrå prestekallet og prøve å slå seg fram som konsertpianist.
 
Syngja er ein personleg roman, der Vaage skriv om å leve med ei dotter med autisme.
 
Det å vere riven mellom ulike, dragande krefter, og aldri vere viss på om ein valde det rette, er allment attkjennande og engasjerande, mennesket er utstyrt med evner til å tenkje seg tallause alternative løpebaner, men må halde seg til den eine lagnaden som skal byggjast på eitt avgjerande val mellom likeverdige talent. Mennesket vil gjerne kome til andre uttrykk enn dei tilfellet deler ut, personlegdomen vil bli sedd, og det når den er på sitt beste og kjem til sin rett. Vaage skildrar dette med stor presisjon, men også med humor. Gjennom handlingane kjem dei som regel litt forsagte hovudpersonane hjå Vaage tydeleg til syne, komiske og tragiske, men først og fremst evig menneskelege. Såleis er det ein inderleg lengt i bøkene til Lars Amund Vaage, ein lengt etter å stige ut or namn og bilete og stå fram som den ein eigentleg er.
 
Kjelder
Lars Amund Vaage, forfattarside, oktober.no, http://www.oktober.no/Forfattere/Norske/Vaage-Lars-Amund [lesedato 29.11.2012]
 
Vidare lesing
Andersen, Per Thomas: "Konsert for klaver og lastebil : Om Lars Amund Vaages Rubato.". Tankevaser : om norsk 1990-tallslitteratur, 2003, 165-93
Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 8: Vår egen tid, 1998

Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne

Først publisert: 24.05.2009
Sist oppdatert: 28.06.2017