Hopp til innhold
Foto: Kim Erlandsen/ NRK P3, Flickr. com CC BY-NC-SA
Foto: Kim Erlandsen/ NRK P3, Flickr. com CC BY-NC-SA
X
Innhald

Lars Vaular

Lars Nesheim Vaular, songskrivar og rappar. Med tekstar på dialekt og vilje til å eksperimentere med ulike musikalske sjangrar har Vaular opna nye vegar for norsk hiphop.

Lars Vaular er fødd 20. september 1984 i Åsane, Bergen. Han byrja på allmennfag ved Åsane videregående skole i 2001, men flytta til Bergen sentrum etter eit år og fullførte utdanninga ved Bergen Katedralskole i 2003.
Vaular har hovudsakleg arbeidd med musikk. Han gav ut eit album med gruppa Tier'n og Lars, før han i 2007 debuterte som soloartist med albumet La hat – et nytt dagslys. Sidan har han gitt ut ei rekkje platealbum. Han nådde gradvis ut til eit større publikum med D'e glede (2009) og Helt om natten, helt om dagen (2010). I det sistnemnde albumet finn vi til dømes hiten «Rett opp og ned». Vaulars musikk ber preg av det mangfaldige musikalske miljøet han kjem frå i Bergen, og han har mellom anna samarbeidd med bergensartistar som John Olav Nilsen & Gjengen, Fjorden Baby og A-laget.
Med Du betyr meg (2011) og 1001 Hjem (2013) har han etablert seg som ein av dei fremste hiphop-artistane i Noreg. Du betyr meg er eit velprodusert album med reflekterte tekstar, framførte med elegant flyt. Særleg har påverknaden frå ulike elektroniske sjangrar vist seg som ei nyvinning for norsk hiphop. 1001 Hjem er eit konseptalbum bygd opp av kvardagshistorier. Med poetiske vendingar skildrar Vaular barndom og oppvekst, fotball og fest, i eit variert musikalsk uttrykk. Albumet kom først ut digitalt på den interaktive nettstaden 1001hjem.no, der vi også finn ekstramateriale knytt til songane.
(Artikkelen held fram under videoen)
Video: Musikkvideoen til «Gary Speed», frå 1001 Hjem
Vaular har fått spelemannsprisen i hiphop-klassa for både Helt om natten, helt om dagen (2010) og Du betyr meg (2011). Han er òg blitt kåra til Årets innovatør (2010) og Årets tekstforfattar (2011). Han har vidare fått Norsk Målungdom sin dialektpris i 2010, og Edvard-prisen for tekstane på Du betyr meg i 2012.
Kjelder
Lars Vaular, biografi på rockipedia.no: http://www.rockipedia.no/mediateket/biografier/lars_vaular/ [lesedato 5.1.2014]
«Einsam ulv med noko å melde», portrettintervju på mittyrke.no: http://www.mittyrke.no/nn-no/For-elevar/Yrkesintervju/Portrettintervju/Lars-Vaular-Ensom-ulv/ [lesedato 5.1.2014]
Peikarar
«– Det er skikkelig hardcore», reportasje om Lars Vaular og Frode Grytten sitt tingingsverk til Periferifestivalen, bt.no, publisert 23.8.2013

Først publisert: 20.03.2014
Sist oppdatert: 05.02.2015