Hopp til innhold

Lauri Viita

Lauri Viita, finsk forfattar som skreiv både formfullenda, kraftfulle og også satiriske dikt, mellom anna om eksistensielle spørsmål. Med familie- og utviklingsromanen Moreeni (svensk Morän) nådde han ut til store lesargrupper.

Lauri Viita var fødd 17. desember 1916 i den raude arbeidarbydelen Pispala i Tammerfors og døydde i ei bilulukke 21. desember 1965. Han fullførte aldri nokon skulegang etter grunnskulen, men gjekk i staden inn i hardt fysisk arbeid, og under vinterkrigen og framhaldskrigen etterpå tenestegjorde han mellom anna som soldat i fremste linje.

 

Ved sida av det fysisk tunge arbeidet las Viita litteratur, både skjønnlitteratur og faglitteratur. Då han i 1947 debuterte som lyrikar med samlinga Betonimylläri (Betongmøllaren), vart boka rekna som ei av dei mest særprega debutsamlingane i 1940-åra. Viita kunne etter denne debuten slutte med kroppsarbeidet og vie tida si til å skrive.

 

Viita sin sosiale bakgrunn kjem ofte til syne i diktinga hans. Ikkje minst gjeld dette romanen Moreeni (1950, omsett til svensk med tittelen Morän i 1965) som tek utgangspunkt i bustadbygginga på Pispala, den bratte åsen der han voks opp. Borgarkrigen (vinteren og våren 1918) utgjer eitt element i romanen. Teksten er prega av dualisme, med trua på framsteg som det eine grunntemaet, men med nederlag og død som eit like viktig tema.

 

Viita skreiv i alt fire diktsamlingar. Den andre samlinga var eventyrdikta Kukunor (1949). I 1954 kom Käppyräinen (Samankropen) og i 1961 Suutarikin, suuri viisas (Også skomakaren, den store vise). Det siste verket til Viita var romanen Entäs sitten, Leevi (Og etterpå då, Leevi), som kom i 1965. Her tek Viita opp att det sjølvbiografiske materialet, men ikkje på langt nær så virtuost som i den første romanen.

 

Kjelder

Maijaliisa Jokinen: Från fjärran land till staden Tainaron. Den finska litteraturen och dess grogrund under självständighetstiden. Omsett til svensk av Seija Torpefält. Helsingfors 1993

Kai Laitinen: Finlands moderna litteratur. Konturer, huvudlinjer, resultat – 1917–1967. Helsingfors 1968

Yrjö Varpio: Lauri Viita. Kirjailija ja hänen maailmansa, Borgå – Helsingfors 1973

 

Lauri Viita-museet, lauriviitamuseo.fi: http://www.lauriviitamuseo.fi/kirjailija/ [lesedato 2.10.2017]

 

Peikarar

Lauri Viita museo (Lauri Viita-museet) http://www.museokompassi.fi/tampere/lauri-viita-museo/

Antti Majander: «Kirjailija Lauri Viita kuoli, kun hänen runonsa onnesta ilmestyi», publisert 14.1.2016 https://www.hs.fi/kulttuuri/art-2000002879709.html

Ideell Kulturkamp: «Frihetskriget, en berättelse om finska inbördeskriget 1918» https://ideellkulturkamp.com/2...

Bengt Lindroth: «Finska inbördeskriget. Ett nedtystat trauma», publisert 18.1.2008 https://www.fokus.se/2008/01/f...

Først publisert: 06.12.2017
Sist oppdatert: 04.01.2018