Hopp til innhold
Leonardo da Vinci sitt kjende måleri «Mona Lisa» (ca. 1503–19). Måleriet heng i museet Louvre i Frankrike. Foto: Dennis Jarvis, Flickr.com CC BY-SA 2.0.
Leonardo da Vinci sitt kjende måleri «Mona Lisa» (ca. 1503–19). Måleriet heng i museet Louvre i Frankrike. Foto: Dennis Jarvis, Flickr.com CC BY-SA 2.0.
X
Innhald

Leonardo da Vinci

Leonardo da Vinci [-tsji], 1452–1519, var italiensk målar, bilethoggar, arkitekt og ingeniør. 

Han arbeidde også med anatomi, fysiologi, matematikk, astronomi, mekanikk og geologi, og arbeidde med utkast til fly, våpen og meir. 

Da Vinci blir omtala som eit universalgeni og er rekna som den mest nyskapande innanfor det italienske renessansemåleriet. Til dei mest kjende måleria hans høyrer Madonna i grotta, Nattverden og Mona Lisa.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.11.2017
Sist oppdatert: 07.11.2017