Hopp til innhold
Margunn Vikingstad. Privat foto nytta med løyve for Allkunne.
Margunn Vikingstad. Privat foto nytta med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Margunn Vikingstad

Margunn Vikingstad er litteraturkritikar og omsetjar. Ho er oppteken av norsk samtidslitteratur og er ei sentral røyst innanfor det litterære fagfeltet.

Margunn Vikingstad er fødd 15. oktober 1971 på Karmøy og bur no i Bergen. Ho har gjennomført studia religionshistorie grunnfag ved Universitetet i Oslo (1997), litteraturvitskap grunnfag ved Universitetet i Tromsø (1998) og Nordisk språk og litteratur hovudfag ved Universitetet i Oslo (1998–2000). Ho har arbeidd som frilansjournalist og kulturjournalist for mellom anna Dag og Tid (2001–13), som prosjektleiar i NORLA (Senter for norsk skjønn- og faglitteratur i utlandet) (2013–15) og som prosjektleiar for faglitterær forfattarutdanning ved Norsk barnebokinstitutt (2015). Ho har også arbeidd som litteraturkritikar for Bergens Tidende (2004–07), Dag og Tid (2007–13) og Morgenbladet (2013–). I tillegg er ho frilans skjønnlitterær omsetjar.

Vikingstad har hatt fleire verv innan litterære organisasjonar og juryar. Mellom anna var ho styremedlem i Norsk kritikerlag (2013–17), medlem i redaksjonsrådet til tidsskriftet Prosa (2014–17) og medlem av Fagleg råd i Norsk Oversetterforening (2015–17). Ho har òg vore medlem i juryen for Ungdommens kritikerpris (2005–06) og i juryen for Aschehougprisen (2005–09), medlem i arbeidsutvalet i Norsk kritikerlags litteraturseksjon (2005–09) og medlem av juryen og juryleiar for Årets tidsskrift i Norsk tidsskriftforening (2015–19, juryleiar 2016–19).

Som kritikar skriv Vikingstad i all hovudsak meldingar om norsk samtidslitteratur og om omsett litteratur. Ho skriv engasjert og perspektivrikt, med ei målsetjing om å fremje dialogen om skjønnlitteratur. Vikingstad meiner at det er viktig å setje norsk samtidslitteratur inn i ein verdsomspennande kontekst, både i høve til det som blir skrive andre stader, og det som skjer i verda generelt. Ho legg vekt på korleis tekst og kultur kan gi lesarane ei djupare innsikt i samtida, og korleis litteraturen kan vere ein kanal for motstand og samfunnskritikk. Gjennom sin posisjon innan profesjonalisert litteraturkritikk, fremjar Vikingstad òg bruken av det nynorske skriftspråket.

Som omsetjar har Vikingstad mellom anna omsett fleire teaterstykke frå fransk og engelsk til nynorsk, til dømes Tre stykke av Daniel Danis, Blackbird av David Harrower, August Strindberg sin Dødsdansen og Lars von Trier sin Antichrist. I 2013 omsette ho den franske romanen Kyssa våre er ein avskjed, av Nina Bouraoui, og i 2014 ein teikneserie av britiske Tom Gauld, med tittelen Goliat. Vikingstad har òg omsett Gustave Flaubert sin roman Madame Bovary (2017) frå fransk til nynorsk, i forlaget Skald sin serie med verdsklassikarar på nynorsk.

I 2015 fekk Vikingstad arbeidsstipend frå Norsk kritikerlag.

 

Kjelder

Nettsamtale med Margunn Vikingstad 13.12.2018


Artiklar av Margunn Vikingstad i Morgenbladet, morgenbladet.no: https://morgenbladet.no/forfatter/margunn_vikingstad [lesedato 17.12.2018]

Kritikkportalen: «Margunn Vikingstad», intervju og presentasjon, kritikkportalen.no, publisert 4.9.2017: http://www.kritikkportalen.no/margunn-vikingstad/ [lesedato 18.12.2018]

 

Peikarar

Kjersti Hatland: «Om dagbøker – Margunn Vikingstad», podkast med Vikingstad om litterære dagbøker, bergenbibliotek.no

Anne Merethe K. Prinos, for Norsk kritikerlag: «Nye stipendtildelinger», kritikerlaget.no, publisert 3.2.2015

Først publisert: 10.05.2019
Sist oppdatert: 30.08.2019