Hopp til innhold
X
Innhald

Mari Velsand

Mari Velsand, journalist, tidlegare programdirektør i NRK og redaktør i avisa Nationen. Ho blei utnemnd til direktør i Medietilsynet i 2017.

Mari Velsand er fødd 15. juni 1968, voks opp på Gran på Hadeland i Oppland og er busett i Oslo. Ho var elev ved Brandbu videregående skole og Irvine High School i Kentucky, USA, i 1984–87. Velsand er utdanna ved Norsk Journalisthøgskole i 1991–92, tok spansk ved Universidad Complutense de Madrid i 2007 og har ein mastergrad i management frå BI i 2011.

Velsand begynte som journalist i Oppland Arbeiderblad (1987–90) og var tilsett i NRK mellom 1992 og 2008 i ulike roller, mellom anna som redaksjonssjef, vaktsjef og distriktsredaktør i Hordaland og programdirektør i Oslo (2000–05). Ho var sjefredaktør og administrerande direktør i Nationen i 2008–13, konsernsjef i Tun Media i 2012–13, konserndirektør i mediehuset Amedia AS i 2014–17, fø ho blei utnemnd til direktør i Medietilsynet i 2017.

I 1996 var Velsand redaktør for Ung framtid, ei bok som Norges Bygdeungdomslag gav ut. Ho var òg med på å lansere NRK-programmet «Norge i dag» i 1996.

Velsand har hatt mange verv innanfor mediebransjen. Ho har mellom anna vore styreleiar i Bergensavisen, Tidens Krav og Fredrikstad Blad. I 2013–17 var ho leiar av Oslo Redaktørforening. Ho var òg medlem av styret for NTB, leiar av Medieforeningen i Oslo og Akershus og medlem av hovudstyret i Mediebedriftenes Landsforening (MBL). Ho fekk Avisgutten i 2017 for stor innsats for MBL over lang tid.

Kjelder

Pressemelding frå regjeringa: «Mari Velsand blir ny direktør for Medietilsynet», regjeringa.no, publisert 5.4.2017: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/mari-velsand-blir-ny-direktor-for-medietilsynet/id2548671/ [lesedato 21.2.2018]

Profilen til Mari Velsand på linkedin.com: https://www.linkedin.com/in/mari-velsand-7ab67121/ [lesedato 21.2.2018]

Peikarar

«Mari Velsand ny direktør i Medietilsynet», hadeland.no, publisert 7.4.2017  

Gard L. Michalsen: «Mari Velsand (48) har jobbet 30 år i norske medier. Nå tar hun med seg denne innsikten på toget til Fredrikstad for å lede Medietilsynet», medier24.no, publisert 7.4.2017


Først publisert: 15.02.2019
Sist oppdatert: 15.02.2019