Hopp til innhold
Maria Tryti Vennerød. Foto: Studio Fazett. Nytta etter avtale med Det Norske Samlaget.
Maria Tryti Vennerød. Foto: Studio Fazett. Nytta etter avtale med Det Norske Samlaget.
X
Innhald

Maria Tryti Vennerød

Maria Tryti Vennerød, dramatikar.

Vennerød er fødd i Oslo 17. januar 1978. Etter utdanning i drama- og teaterkommunikasjon ved Høgskolen i Oslo i 1998 debuterte ho med stykka Meir og Ta meg på vengene på Norsk Dramatikkfestival 2002. Desse stykka er sidan kjøpte og spelte av Sogn og Fjordane Teater.
 
I 2003 vann ho ei svensk-norsk dramatikartevling med stykket Frank, som Det Norske Teatret urframførte i 2005, med Kjersti Haugen som regissør.
 
Vennerød fekk i 2005 Ibsen-prisen for stykket Dama i luka (2004).
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 08.09.2009
Sist oppdatert: 20.11.2018