Hopp til innhold
Mona Vetrhus. Foto: Morten Brun / Forlaget Oktober. Med løyve for Allkunne.
Mona Vetrhus. Foto: Morten Brun / Forlaget Oktober. Med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Mona Vetrhus

Mona Vetrhus er lyrikar og radioprogramleiar. Ho diktar episk om eigen oppvekst i ei vakker, men sorgtyngd vestlandsbygd.

Mona Vetrhus er fødd 25. januar 1975 i Uskedalen i Hardanger og er busett i Oslo. Ho tok forfattarstudiet i Bø ved Høgskulen i Telemark i 2003–04, har bachelorgrad i litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen i 2004 og har i tillegg studert språk og psykologi. Ho har arbeidd i NRK, mellom anna i «Kulturnytt», «Bok i P2» og som programleiar for diktprogrammet «Diktafon» i P2. Ho har òg hatt oppdrag for Den kulturelle skulesekken i 2013 og har vore litterær rådgivar i foreininga «Leser søker bok» 2014–17.

Vetrhus skriv lett tilgjengeleg og evnar å seie svært mykje med få ord. Ho skaper nære kjenslebilete, presise naturskildringar og surrealistiske, men meiningsgivande draumebilete. Gjennom sterke dikt vekslar forfattaren mellom det personlege og det meir distanserte perspektivet. På stillferdig vis diktar ho fram både glede og tragedie, røynd og draum. Diktaren nyttar eigne fotografi, og lèt det visuelle og verbale utfylle kvarandre.

Debuten Nokre gutar kjem ikkje heim i kveld (2012) er ei forteljing i diktform, om oppvekst og venskap, død og sorg. Heimbygda Uskedalen i Hardanger vert skildra som den trygge staden, heilt til tragedien rammar. Ei bilulukke, der fleire unge gutar druknar i fjorden, rammar det vesle samfunnet hardt. Debutboka er delvis sjølvbiografisk, og eg-stemma går igjennom ein sorgprosess som vert skildra med truverd. Traume, lengt og redsla for å misse fleire, vert etter kvart tona ned, og evna til å finne nytt fotfeste og gå vidare i livet pregar dei siste dikta i samlinga.

Kjelder

E‑post frå Mona Vetrhus 31.11.2017

Forlaget Oktober: omtale av Nokre gutar kjem ikkje heim i kveld, oktober.no: http://www.oktober.no/Boeker/Skjoennlitteratur/Lyrikk-dramatikk/Nokre-gutar-kjem-ikkje-heim-i-kveld [lesedato 23.10.2017]

NRK, Nynorsk mediesenter: «Mona Vetrhus», om forfattaren, nynorskmediesenter.no: http://nynorskmediesenter.no/praktikant/ingrid-vetrhus/ [lesedato 23.10.2017]

Peikarar

Bernt Erik Pedersen: «De som ikke kom hjem», intervju med forfattaren, dagsavisen.no

Bergen Offentlige Bibliotek: «Mona Vetrhus», intervju med forfattaren, bergenbibliotek.no 

Først publisert: 25.01.2018
Sist oppdatert: 25.01.2018