Hopp til innhold
X
Innhald

Niko Valkeapää

Niko Valkeapää, samisk norsk-finsk songar, låtskrivar og joikar med internasjonalt ry. Han syng på samisk og har gjennom 25 år utvikla samisk musikk mot elektronika-pop og blues til inspirasjon for yngre samiske artistar.

Niko-Mihkal Valkeapää er fødd 30. desember 1968 i Enontekiö (Eanodat) i Finland. Han gjekk på Samisk videregående skole og reindriftsskole og Samisk høgskole, begge i Kautokeino/Guovdageaidnu, der han budde frå 1990 til 2013 og etter kvart arbeidde som lærar. Han bur no i Oslo og er musikar på heiltid. Han er òg samepolitisk engasjert og sat i Samerådet i 2009–12 for Finske samars sentralforbund / Suoma sámiid guovddášsearvi i Finland.
Niko Valkeapää er gudson til avdøde Nils-Aslak Valkeapää, eller Áillohaš som han vert kalla på samisk, og har tonesett og gitt ut fleire av gudfaren sine dikt. Som joikar har Valkeapää solide røter i samisk musikktradisjon. Han har teke denne tradisjonen vidare og gått opp nye, meir moderne vegar innanfor samisk musikk, saman med den faste låtskrivaren sin, musikar og produsent Georg Buljo. I tillegg til eigne utgivingar er Valkeapää òg med på fleire samleutgivingar.
(Artikkelen held fram under biletet)
Niko Valkeapäapå Øyafestivalen 2013.
Niko Valkeapäapå Øyafestivalen 2013.
Utgivingar
Det sjølvtitulerte debutalbumet Niko Valkeapää (2003) gav Valkeapää Spelemannsprisen i open klasse same året, og norske kritikarar var samstemt positive. Stødig forankra i samisk tradisjon utgjer Valkeapää si særeigne vare og varme stemme eit musikalsk bakteppe av både elektronisk musikk og moderne jazz. Nedtona og minimalistisk, med sparsame arrangement, framfører han her fleire av Áillohaš sine dikt til eigne melodiar og trekkjer omgrepet «verdsmusikk» vidare mot eit meir moderne lydbilete av pop, rock og elektronika.
(Artikkelen held fram under videoen)
Lydvideo: «Rabas mielain» frå debutalbumet Niko Valkeapää.
Sierra (2004) tyder «noko for seg sjølv», og med andrealbumet etablerte Valkeapää seg som ein av dei fremste samiske artistane. I ei form for open, eksperimentell pop held han og Buljo fram med å blande akustiske instrument og elektronika, men Sierra er meir rytmisk og intens enn debutalbumet. Joiken er, med eitt unntak, fråverande her i si opphavlege form. Vi kan seie at Valkeapää og Buljo i staden fornyar denne samiske musikktradisjonen ved å skape svevande lydbilete á la kvite, langstrakte vidder, og slik vert det poetiske og dvelande vakre ved joiken transformert.
Også tredjealbumet, dobbel-CD-en Birrat Birra (Rundt og rundt, 2008) vart kritikarrost for eit musikalsk landskap der jazz og ein moderne sound møter det urgamle samiske. Valkeapää har her med seg andre musikarar enn dei han vanlegvis arbeider saman med. Mellom anna har Mari Boine ei gjesteframføring på «Gula Sámi», ein song sett saman av hennar eigen «Gula Gula» og Isak Saba sin tekst til «Samefolkets song».
På kritikarroste Gusto (2012) går Valkeapää nye vegar og blandar samisk musikkarv med americana. Resultatet er noko han kallar samisk blues, eit akustisk lydbilete fullt av nerve og driv – nedstrippa, fokusert og umiddelbart, mindre elektronisk enn dei føregåande albuma. Med et par mindre unntak spelar Buljo alle instrumenta, med meir bruk av akustiske instrument, mellom anna akustisk gitar, dobro, bouzouki og perkusjon. Tekstane omtalar i stor grad dei mørke sidene av menneskesinnet på ein ærleg, personleg og kjenslevar måte.
På albumet ÄÄ (2012) leverer Valkeapää ekstrovert og eksperimentell samisk pop á la synthbasert 80-talsmusikk, og til raskare rytmar enn han har vist fram før. Melankolien ligg no bak fengjande refreng, men dei mørke stemningane er framleis der og fortel om djupna i ei menneskesjel. Tekstane handlar om mennesket si leiting gjennom einsemd og tunge stunder. Som vanleg har Georg Buljo laga dei fleste melodiane på albumet.
(Artikkelen held fram under videoen)
Lydvideo: «Ale ipmir boastut - Don´t get me wrong» frå albumet ÄÄ.
Prisar og framsyningar
Valkeapää vann Sámi Grand Prix i 1994 og 1995. I 2003 fekk han Spelemannsprisen i open klasse for debutalbumet Niko Valkeapää. Han vann båe jury- og publikumsprisen under Liet International 2004 (songtevling for europeiske minoritetsspråk). I 2008 fekk han to Folkelarmprisar. I 2012 vart han nominert til Spelemannsprisen i klassen folkemusikk/tradisjonsmusikk for albumet Gusto, og same året vart han vald som Årets samiske artist av Finnmark fylkeskommune ved Sápmi Music. Valkeapää har spela mellom anna på Nattjazz i Bergen, under Festspela i Nord-Noreg, på Riddu Riđđu Festivála, Nordland Musikkfestuke i Bodø, Varangerfestivalen og Oslo World Music Festival. Han har òg spela på ein rekkje festivalar og konsertar elles i Norden, og i Nederland, USA, Hellas, Canada, Alaska, Russland, Japan og Brasil.
Video produsert av Kautokeino Film. Idè, regi, foto og redigering: Andreas Ausland.
Kjelder
Niko Valkeapää si heimeside: http://www.nikovalkeapaa.no/nv/Home.html [lesedato 20.03.2014]
Øyvind Rønning: «Han fanger nordlyset gjennom musikken», dagbladet.no, publisert 21.4.2012: http://www.dagbladet.no/2012/04/12/kultur/musikk/musikkanmeldelser/anmeldelser/niko_valkeap/21071610/ [lesedato 20.03.2014]
Om Niko Valkeapää på platekompaniet.no: http://www.platekompaniet.no/Musikk.aspx/CD/Niko_Valkeap/?id=DPP514 [lesedato 20.03.2014]

Først publisert: 04.08.2014
Sist oppdatert: 21.03.2017