Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Collett Vogt

Nils Collett Vogt, 1864­­–1937, var forfattar. Etter debuten med Digte i 1887 vart han ein sentral figur hos Kristianiabohemen og i den litterære nyromantikken. Vogt skreiv romanen Familiens Sorg i 1889 og ei rekkje diktsamlingar, mellom andre Fra Vaar til Høst i 1894, Vers fra Kristiania i 1904, Septemberbrand i 1907, Hjemkomst i 1917, Ned fra bjerget i 1924, Et liv i digt, som kom i to band i perioden 1930–37. Han skreiv òg skodespel, essay og reiseminne. Han gav òg ut memoarbøkene Fra gutt til mann i 1932 og Oplevelser i 1934.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.03.2013
Sist oppdatert: 18.03.2013