Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Veka

Olav Veka, lektor og namnegranskar med personnamn som spesialområde.

Olav Veka er fødd 6. juni 1942 i Sand i Ryfylke. Han tok examen artium ved Rogaland offentlege landsgymnas på Bryne i 1962. Han er cand.philol. frå Universitetet i Oslo i 1971, med hovudfag i norsk, engelsk mellomfag og geografi grunnfag. Hovudoppgåva handla om stadnamn frå Sand i Ryfylke.
Han har arbeidd som lektor ved fleire vidaregåande skular i åra 1973 til 2006, og han har vore medforfattar av fleire læreverk for norskfaget. Saman med Lars Anders Kulbrandstad og Bjarne Øygarden har han gitt ut Nynorskordliste for den vidaregåande skolen, med tanke på elevar som har nynorsk som sidemål. Lågare trinn har òg fått tilsvarande ordlister.
Som namnegranskar er det særleg personnamn som har interessert Veka, og han er forfattar av bøkene Namneboka (1991) og Norsk etternamnleksikon (2000). Den sistnemnde boka gir det første komplette oversynet over alle etternamn i Noreg, der Veka orienterer om utbreiinga, opphavet og tydinga. Kvar gong ein ny medlem av kongehuset får namn, er Olav Veka brukt som kjelde av journalistane i dagspressa. Han gjer då greie for opphavet til namnet, statistikk og bakgrunn. Hausten 2010 gir han i lag med Nancy Coleman ut ei bok på eit amerikansk forlag med tittelen Scandinavian Names. Dictionary and Guide.
Veka var medlem av fagnemnda for nynorsk i Språkrådet frå 2001 til 2005. Han var leiar i Norsk namnelag frå 2006 til 2009 og vart attvald for perioden 2009–2012.
Kjelder
E-post frå Olav Veka 05.03.2010
Forfattarside om Olav Veka, Aschehoug, aschehoug.no, http://www.aschehoug.no/forfattere/alfabetisk/vis?contentItemId=675661 [lesedato 26.04.2010]
Forfattarside om Olav Veka, Det Norske Samlaget, samlaget.no,

Først publisert: 26.04.2010
Sist oppdatert: 06.07.2012