Hopp til innhold
Olav Vesaas. Foto: Cappelen Damm. Nytta etter avtale med forlaget.
Olav Vesaas. Foto: Cappelen Damm. Nytta etter avtale med forlaget.
X
Innhald

Olav Vesaas

Olav Vesaas, programmedarbeidar i NRK og forfattar.

Olav Vesaas er fødd i Vinje 21. desember 1935. Han er son av forfattarane Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas. Som fast tilsett programmedarbeidar i NRK i perioden 1968–98 laga han særleg mange program om litteratur, og frå 1974 til 1990 stod han bak Språkrøret, saman med Finn-Erik Vinje. I tillegg til det daglege journalistiske arbeidet i NRK la Vesaas ned mykje arbeid i dokumentasjon av samtidslyrikarar for NRKs historiske arkiv.

Han var forlagssjef i Det Norske Samlaget 1978–80, og han var ei tid medlem i Norsk språkråd.

Vesaas har mellom anna skrive biografiane Løynde land – ei bok om Tarjei Vesaas (1995), A.O. Vinje – ein tankens hermann (2001) og Halldis Moren Vesaas (2007). Han har òg redigert fleire samlingar med tekstar av foreldra sine, Tarjei og Halldis Moren Vesaas.

Vesaas fekk Storegutprisen i 2018 for sin store og livslange innsats for norsk språk og litteratur i skrift og tale og for konsekvent bruk av nynorsk.  

Kjelder

Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Peikarar

«Storegutprisen 2018 til Olav Vesaas», vinjesenteret.no, publisert 15.8.2018

Først publisert: 24.07.2009
Sist oppdatert: 22.08.2018