Hopp til innhold
Otto Valstad. Foto: Akershusbasen. Nytta etter avtale med Museene i Akershus.
Otto Valstad. Foto: Akershusbasen. Nytta etter avtale med Museene i Akershus.
X
Innhald

Otto Valstad

Otto Valstad, lærar som gjorde forfattar og målar av seg, og som foreviga Arne og Hulda Garborg på lerretet. Sjølv er han på det nærmaste gløymd, sidan produksjonen hans var ujamn.

Otto Valstad var fødd i Asker 11. desember 1862 og døydde i Oslo 20. juni 1950. Han vart utdanna ved Asker seminar og var lærar i Asker 1884–87, deretter i Tønsberg 1887–98. Han debuterte på Haustutstillinga i 1890 og studerte ved Académie Julian i Paris og Den Kongelige Tegneskole i København. Han fekk økonomisk hjelp frå kona til å realisere kunstnardraumen. Valstad var radikal og sat ei tid i Asker herredsstyre. Han var oppteken av sosialt arbeid for barn.
I restaureringa av Asker kyrkje var han aktivt med. Han arbeidde elles med landskapsmåleri og portrett- og sjangermåleri. Valstad er innkjøpt av Nasjonalgalleriet med eit portrett av Lina Brun frå 1901. Han illustrerte og skreiv barnebøker i eit dialektfarga språk. Eit døme er den sosialrealistiske Torvills saga (1939).
Valstad illustrerte bøker som Garborgs Kolbotnbrev og Lølands Kvitebjørnen. Dei tre var naboar og stod sentralt i Askerkretsen. Valstad var æresmedlem i Tegnerforbundet. Heimen og den vakre hagen deira på Øvre Valstad er eit minnesmerke over han og kona Tilla. Samlinga med gamle hus, antikvitetar og kunst testamenterte dei til Asker Museum.
Kjelder
Glenny Alfsen: «Valstad, Otto», Norsk biografisk leksikon, bd. 9. Oslo 2005
Peikarar

Først publisert: 02.08.2010
Sist oppdatert: 19.04.2012