Hopp til innhold
X
Innhald

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes, forfattar og forskar med særleg interesse for amerikansk kultur og individuelt og kollektivt minne.

Vågnes er fødd 4. august 1972. Han tok hovudfag i engelsk i 1999 med ei avhandling om forfattarane Don DeLillo og Paul Auster og blei dr.art. i 2007 med avhandlinga Zaprudered. Avhandlinga handlar om amatørfotografen Abraham Zapruders filmopptak av mordet på John F. Kennedy og kva rolle dette har spela i amerikansk litteratur, journalistikk og film i ettertid.
 
Vågnes er i dag postdoktor ved Institutt for informasjons- og medievitenskap, Universitetet i Bergen, der han forskar på amerikansk visuell kultur. Han er mellom anna oppteken av måtar Irak-krigen og hendingane 11. september 2001 er blitt framstilte på i ulike sjangrar. Saman med Asbjørn Grønstad har han redigert antologien Coverscaping. Discovering Album Aesthetics (2009).
 
Vågnes har gitt ut romanane Ingen skal sove i natt (2003) og Ekko (2005). For den sistnemnde boka fekk han Nynorsk litteraturpris for 2005. Begge bøkene krinsar om ulike måtar å hugse og framkalle fortida på.
 
Kjelder
Silje Stavrum Norevik: «Nynorskpris for transatlantisk bok», Bergens Tidende 19.04.2006

Først publisert: 17.12.2009
Sist oppdatert: 07.02.2018