Hopp til innhold
X
Innhald

Per Vassbotn

Per Kjell Vassbotn, journalist, statssekretær for statsminister Odvar Nordli, redaksjonssekretær i NRK og kommunikasjonsdirektør i IBM.

Per Vassbotn er fødd 10. september 1941 i Stranda i Møre og Romsdal og er busett i Oslo. Han var tilsett som politisk journalist i Dagbladet i 1968–76 og i NRK Radio i 1976–80. I 1980–81 var han statssekretær for statsminister Odvar Nordli (Ap). Mellom 1981 og 1986 var han redaksjonssjef i NRK Sogn og Fjordane, og han arbeidde igjen i Dagbladet i 1986–98, denne gongen som kommentarjournalist. Så var han ansvarleg for den nettbaserte løysinga Lotus Notes i avisa i 1998–2000 og seniorkonsulent hos ConCrea i 2000–02. I 2002 blei han tilsett som pressekontakt i IBM, og i 2004–07 var han kommunikasjonssekretær, før han gjekk av med pensjon.

Vassbotn var journalist i Dagbladet og sentral i hendingane i samband med at regjeringa Borten gjekk av i 1971, fordi Vassbotn hadde skrive ein artikkel med fortruleg informasjon om forhandlingane med EEC. Han har skrive to bøker om hendingane: Lekkasje og forlis. Om regjeringen Bortens fall (1971) og Da Borten falt. Gjensyn med regjeringens lekkasje og forlis 1971 (1986).

Kjelder

Ann Kristin Bentzen: «Per Vassbotn forlater IBM», digi.no, publisert 28.12.2007: http://www.digi.no/artikler/per-vassbotn-forlater-ibm/206276 [lesedato 4.11.2016]

Harald Kjølås: «Per Borten», allkunne.no, sist oppdatert 3.9.2013: http://www.allkunne.no/framside/biografiar/b/per-borten/85/3675/ [lesedato 4.11.2016]

Stavanger Aftenblad: «21 journalister fikk hemmelig materiale», aftenbladet.no: http://www.aftenbladet.no/lokalt/21-journalister-fikk-hemmelig-materiale-113033b.html (tilgang som abonnent) [lesedato 4.11.2016]

Peikarar

«Det glade sekstitall: Per Borten i trusa», nypesuppe.blogspot.no

Først publisert: 22.03.2017
Sist oppdatert: 22.03.2017