Hopp til innhold
Ragnvald Vaage
Ragnvald Vaage
Foto: Privat. Nytta etter avtale med barnebarn Lars Amund Vaage
X
Innhald

Ragnvald Vaage

Ragnvald Vaage var bonde og diktar. Han skreiv litteratur i ulike sjangrar for vaksne og barn, ofte med kritisk blikk på bygdemiljø og barns oppvekstkår.

Vaage var fødd 29. april 1889 på Sunde i Kvinnherad i Hordaland og døydde 27. juni 1966. Han gjekk på folkehøgskule på Voss i 1906–08 etter å ha arbeidd i Bergen, rodd fiske og vore gjetargut. I 1908 kom han til Jæren og lærte jord- og hagebruk.
Frå 1912 til 1914 gjekk han på Askov folkehøjskole i Danmark, som var viktig for mange nordmenn og ikkje minst nynorskforfattarar. I 1913 hadde Vaage sommarjobb i Tyskland og lærte seg språket, og i fritida las han Lessing, Goethe, Schiller og Heine. Han dreiv slektsgarden Våge på Sunde frå 1926, men fann tid til å skrive. I morsslekta var mange haugianarar, noko som prega livssynet hans.
Vaage publiserte dikt i tidsskriftet Fossegrimen, og fekk artiklar inn i aviser, blad og julehefte. Han debuterte med diktsamlinga Liv som strir (1912), ein tittel som skulle peike fram mot ein sentral tematikk gjennom forfattarskapen. Vaage gav ut i alt 20 bøker i ulike sjangrar. Det er særleg lyrikken og den problemorienterte litteraturen for eller om barn han vert hugsa for i ettertid. Debutbarneboka Gutane på Tedneholmen (1923) har vorte ein klassikar.
Vaage var med i den frilyndte ungdomsrørsla og vart ein populær talar.
 
Frå gut til mann
Nokre av barnebøkene har poetiske titlar som Den forunderlege vegen (1949) og Den gode sumaren (1955), sjølv om Vaage skriv i ein nyrealistisk tradisjon om barn som lever vanskelege liv. Bøkene hans vert ofte plasserte i grenselandet mellom barne- og vaksenlitteratur. Boka Mannsemne (1936) skil seg ut, med fleire forteljingar som tidlegare er prenta i julehefte. Dette er ei bok som har nokre humoristiske innslag, men tidvis òg ein oppsedande funksjon, og der hovudpersonane er idealiserte.
Etter debutboka for vaksne, Liv som strir (1912), følgde årvisst diktsamlingane Bylgja, Strengspel og eposet Gullbergland. Seinare gav Vaage ut mellom anna diktsamlinga Ættarjord (1929), romanen Porsvikfola (1930) og novellesamlinga Av jord er du komen (1941). Diktsamlinga Heim frå havet (1965) vart siste boka hans. Dikta til Vaage er oftast tradisjonelle i forma, og gjentek tidvis 1800-talspasjonen for nasjonalkjensle, folketradisjon og spelemannsmotiv. Lesaren møter eit diktar-eg forankra i det heimlege miljøet, der ikkje berre hardt arbeid, men òg «havet, døden og kjærleiken» er sentrale motiv.
Fjern og nær
I nokre av dikta vert sakn etter ei mors trygge famn tydeleg, medan andre kan vere sarkastiske og til dels samfunnskritiske. I seinare dikt kan ein få glimt av ei fjern verd, det vere seg i redsle for «langferder ut i rømda» eller i heftig draum om Marilyn Monroe «og andre barmdigre evadøtre» på kinolerretet.
 
Posthumt kom eit utval av Vaages lyrikk redigert og med innleiing av Per Olav Kaldestad. Han hevdar at Vaage kan sjåast som inspirator for Tor Jonsson, Jakob Sande og Olav H. Hauge. Fleire har peika på at Vaage sjølv har vore influert av Arne Garborg. Elles syner han likskap med den samtidige sunnmørslyrikaren Henrik Straumsheim.
Magnus Hardeland måla to portrett av Vaage som er nytta i festskriftet til syttiårsdagen, og Ståle Kyllingstad har laga monument på heimstaden i 1972. Fleire komponistar, mellom dei Arne Dørumsgaard og Sverre Jordan, har tonesett nokre av dikta hans. Eyvinn Thu har laga melodi til «Sunnhordlandssongen» med tekst av Vaage.
Vaage fekk Sunnmørsprisen i 1953 for barneboka Den vonde draumen, og 3. premie i Kyrkje- og undervisningsdepartementet si prisutdeling i 1955 for barneboka Den gode sumaren.
 
Kjelder
Edvard Beyer (red.): Norges litteraturhistorie, bd. 4. Oslo 1975
Bjarte Birkeland: «Barn i skoggrend og fjellbygd» og «Ragnvald Vaage» i Edvard Beyer (red.): Norges litteraturhistorie, bd. 4. Oslo 1975
Tone Birkeland ofl.: Norsk barnelitteraturhistorie. Oslo 1997
Jørgen Bukdahl: «Askov og norsk genrejsing», i Dale og Nerhus (red.): Festskrift til Ragnvald Vaage. Oslo 1959
Johs. A. Dale og Hans Nerhus (red.): Festskrift til Ragnvald Vaage på syttiårsdagen. Oslo 1959
Sonja Hagemann: Barnelitteratur i Norge 1914–1970. Oslo 1978
Per Olav Kaldestad: Innleiinga «Den som vart fødd til jordson», i Ragnvald Vaage: Dikt i utval. Oslo 1977
Hans Nerhus: «Ragnvald Vaage og hans verk», i Dale og Nerhus (red.): Festskrift til Ragnvald Vaage. 1959
Hans Nerhus: «Ragnvald Vaage og forfattarskapen hans. Ein bibliografi», i Dale og Nerhus (red.): Festskrift til Ragnvald Vaage. 1959
Ragnvald Vaage: Dikt i utval. Med innleing av Per Olav Kaldestad. Oslo 1977
Tordis Ørjasæter ofl.: Den norske barnelitteraturen gjennom 200 år. Oslo 1981

Først publisert: 25.11.2011
Sist oppdatert: 19.04.2018