Hopp til innhold
Foto: Tove Elin Berg/ Samlaget
Foto: Tove Elin Berg/ Samlaget
X
Innhald

Sylvelin Vatle

Sylvelin Vatle, forteljar, formidlar og forfattar av bøker for barn, ungdom og vaksne.

Sylvelin Vatle er fødd 4. september 1957 i Arna, voks opp på Osterøy utanfor Bergen og bur no i Stavanger. Ho tok examen artium ved Åsane gymnas i 1976 og var ferdig utdanna sosionom ved Stavanger sosialhøgskole i 1984.
Vatle debuterte i 1991 med romanen Alle kjenner vel presten. Denne boka fekk ho Tarjei Vesaas' debutantpris for. Romanen Bent Skute – ei forteljing (1993), fabelen Den åttande dagen blei gitt ut i 1996, romanane Ville liljer og Mørk+et bak Gemini kom i 2000 og 2002. Ho er òg føredragshaldar, spaltist i Stavanger Aftenblad, har skrive fleire barnebøker, romanar for vaksne og noveller, og ho har redigert antologiar og leidd skrivekurs.
Vatle har gitt ut fleire barnebøker, m a Topphemmelig dagbok for Lars (1998) og ei diktbok for barn, Skurker og agurker, pirater og undulater (2009). I fantasyserien for barn om Tim Brentloff bruker Vatle norrønt mytologistoff. Den første boka var Tim Brentloffs eventyr (2003). Tim Brentloff er ingen superhelt, men snarare ein pinglete svekling som får innsikt i seg sjølv og redslene sine. I bøkene vender forteljaren seg direkte til lesaren og kommenterer handlinga, som er ute av hennar kontroll. Bok nummer to, Fenrisulvens forbannelse, kom i 2006 og Skatten i dragegrotta i 2008. I 2010 kom Ramna-Floke som handlar om mannen som ga namn til Island.
Vatle har reist på skuleturnear over heile landet i regi av Den kulturelle skulesekken med ei framsyning av «Tim Brentloffs eventyr», og i regi av Rikskonsertane med «Mozart – trazoM».
Kjelder
Forfattarside, RealMusic, realmusic.no,
Nettstaden til Sylvelin Vatle, http://www.sylvelinvatle.com/ [lesedato 27.10.2010]

Først publisert: 27.10.2010
Sist oppdatert: 27.01.2014