Hopp til innhold
Tarjei Vesaas. Biletet stammer frå Gyldendal sitt historiske portrettarkiv. Foto: Nasjonalbiblioteket, Flickr.com (ingen kjende restriksjonar/falle i det fri).
Tarjei Vesaas. Biletet stammer frå Gyldendal sitt historiske portrettarkiv. Foto: Nasjonalbiblioteket, Flickr.com (ingen kjende restriksjonar/falle i det fri).
X
Innhald

Tarjei Vesaas

Tarjei Vesaas var ein av dei viktigaste forfattarane i Norden i det 20. hundreåret. Han skreiv både forteljande prosa, lyrikk og dramatikk og er omsett til mange språk. Også utanfor Norden vert han rekna som ein stor forfattar.

Tarjei Vesaas var fødd i Vinje i Telemark 20. august 1897 og døydde i Oslo 15. mars 1970. Foreldra var Olav og Signe Vesaas. Den formelle utdanninga Vesaas fekk utover folkeskulen, var ein vinter på Voss folkehøgskule. Folkehøgskulen var ein vanleg danningsveg for nynorske forfattarar tidleg på 1900-talet. Vesaas vart kjend med litteratur heime – også foreldra og dei to yngre brørne las jamleg. Han lærte elles allslags praktisk arbeid heime på garden. Vesaas gifte seg med forfattaren Halldis Moren i 1934, og dei flytte inn på garden Midtbø i Vinje, som han hadde kjøpt nokre år før.


midtbø foto AGR.jpg?w=600

Midtbø, heimen til Tarjei og Halldis. Foto: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn/Allkunne.

Sjå video frå NRK Skole "Heime hos Tarjei Vesaas", sendt 26.9.1968:
Forfattarskapen omfattar 38 bøker, 23 romanar, 4 novellesamlingar, 5 skodespel/høyrespel og 6 diktsamlingar. Viktige er først og fremst romanane, til dømes Det store spelet (1934), Kimen (1940), Huset i mørkret (1945), Fuglane (1957), Brannen (1961), Is-slottet (1963), men òg novellesamlingane Vindane (1952) og Ein vakker dag (1959) og diktsamlingane Lykka for ferdesmenn (1949) og Liv ved straumen (1970).
For Vindane fekk Vesaas den nyoppretta Venezia-prisen, som berre har vore utdelt éin gong, i 1953, og for Is-slottet fekk han i 1964, som den første norske forfattaren, Nordisk Råds litteraturpris.

Forfattar

Vesaas var mest prosaforfattar. Romanen Menneskebonn kom i 1923, og fram til 1939 gav han ut tolv romanar, to novellesamlingar og to skodespel. Dei første bøkene hang fast i nyromantisk tradisjon, men frå og med Dei svarte hestane (1928) kom det meir realisme og samtidsmedvit inn. Særleg galdt det romanserien om Klas Dyregodt (1930–1938). Høgdepunktet i 1930-åra var bonderomanen Det store spelet (1934). Vesaas var også dramatikar, gjerne i skiftebruk med prosaen. Drama vart omskrivne til romanar, og noveller fekk også høyrespelversjonar i etterkrigstida. Det lyriske og poetiske finst i rik mon i prosaverka, og frå 1946 og nokre år framover gav han også ut dikt. Forfattarskapen enda òg med ei diktsamling.

Ut i verda – teater

Før giftarmålet heldt Vesaas seg åtte år for det meste ute i europeiske byar, mest i Tyskland. Han lærte seg tysk og såg mykje teater. Særleg det ekspresjonistiske teatret appellerte til han, og han prøvde å skrive modernistiske skodespel sjølv, med Ultimatum som det mest synlege resultatet. Men det var lita interesse for ekspresjonistisk teater både i forlaget og i teatermiljøet i Noreg, og det hemma kanskje utviklinga hans som dramatikar.

Krigstematikk og menneskevilkår

Vesaas var motstandar av krigspropaganda og allslags opprustning og krigføring. Dette kom først tydeleg til syne i Ultimatum. Frå og med romanen Kimen (1940) var det ein hovudtematikk. Det førte òg til formell nyskaping, og ei allegorisk framstilling vart løysinga i dei to romanane ved utbrotet og slutten av krigen, Kimen og Huset i mørkret (1945), særleg i den siste, der det okkuperte landet er framstilt som eit labyrintisk hus med allslags løynde gangar og farlege rom. I fleire av verka frå denne tida er ei von knytt til ufødd og nyfødd liv.
Foto frå Gyldendals historiske arkiv, ukjend fotograf. Kjelde: Nasjonalbiblioteket.
Foto frå Gyldendals historiske arkiv, ukjend fotograf. Kjelde: Nasjonalbiblioteket.
Angst og gru står sentralt i fleire verk i den nære etterkrigstida. Skrivemåten til Vesaas var stadig annleis, meir eksperimenterande modernistisk, mindre avklara enn før. Det samlar seg gjerne til sentrale symbol i romanar som Tårnet (1948) og Signalet (1950). Eksistensielt press som fører til sinnssjukdom, angst og død, er også dominerande i Brannen (1961), og i den intense novella «Fall» (Vindane, 1952) og fleire dikt.

Lyrikk

Vesaas gav først ut ei diktsamling med enkle tradisjonelle former (Kjeldene, 1946) og med eit visst preg av folketradisjon og vise. I seinare samlingar dominerte frie vers, og ofte var dei så typiske spørsmåla i 1940- og 1950-åra kring opprustning og våpen dominerande. Det stod klart for Vesaas at dei kjernefysiske våpna ikkje berre var kraftigare enn det hittil kjende, men ville vere i stand til å utslette livet på jorda. Dikt frå Leiken og lynet (1947) er særleg tydelege, med dikt som «I ansvars naud», «Regn i Hiroshima» og «Atom-kjernen». I eit av dei sterkaste Vesaas-dikta, «Det ror og ror» (Lykka for ferdesmenn, 1949) er angsten «namngitt»: «Ingen veit botnane i Angest sjø».
Andre dikt går meir på det endeframme livet, med erotikk og andre menneskelege relasjonar. Bilete frå naturen på godt og vondt er grunnleggjande. Og ei von finst og er stundom uttalt, som i boktittelen Ver ny, vår draum (1956).

Stor prosa

Vesaas er med rette kjend for å framstille sinn og kjensler hos barn og unge, ikkje minst i noveller. Som den vesle skuleguten i «Vesle-Trask» som sit full av kunnskap, men ikkje får eit ord til å låte når den nervøse unge lærarinna spør framfor eksamensnemnda. Eller dei to unge framande i «Det rare», som møtest på ein buss og kjenner seg dregne mot kvarandre og berre må kome seg av og bort frå veninnene hennar for å vere berre dei to. Slik framstilling kan òg gjelde vaksne som skil seg ut mentalt på ein eller annan måte. Mattis i den store romanen Fuglane (1957) er lite i stand til å gjere «gagns arbeid», men orienterer seg etter rugdetrekket over huset og skjønar fuglespråk, heilt i samsvar med det sentrale symbolet i tittelen. Men kanskje har det gjort aller sterkast inntrykk på lesarane det som hender med Siss og Unn i Is-slottet.
Denne prisromanen handlar om to 11-årige jenter, i eit gryande veninneforhold. Den skjøre foreldrelause Unn kjem bort og vert ikkje attfunnen. Siss må no leve med tapet og arbeide seg igjennom tunge påkjenningar. I Is-slottet framstiller Vesaas tankar og kjensler hos to heilt unge jenter i pressa situasjonar så intenst og overtydande at det har gitt romanen plass mellom dei fremste i si tid.
Forfattarskapen nærma seg avslutning med prosaboka Båten om kvelden (1968). Her viser Vesaas endå ein gong evne til eksperiment og fornying, med skifte mellom flytande forteljing og lyrisk prosa. Krona på verket vert deretter den siste diktsamlinga, Liv ved straumen (1970), som han ikkje fekk sjå ferdig før han døydde.

Kjelder

Kenneth G. Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas’ diktning. Oslo 1969
Steinar Gimnes (red.): Kunstens fortrolling. Nylesingar av Tarjei Vesaas’ forfattarskap. Oslo 2002
Sarah J. Paulson og Rakel Christina Granaas (red.): Dobbeltblikk på Vesaas. Trondheim 2009
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas. Oslo 1947
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas. Oslo 1995
Olav Vesaas (red.): Tarjei i tale. Taler, helsingar og prologar. Oslo 1997
Tarjei Vesaas: Huset og fuglen. Tekster og bilete 1919–1969, redigert av Walter Baumgartner. Oslo 1971
Lisbeth P. Wærp: Engasjement og eksperiment. Tarjei Vesaas’ romaner Huset i mørkret, Signalet og Brannen. Oslo 2009
Bente Aamotsbakken: Det utrulege greineverket. Lesninger av Tarjei Vesaas’ lyrikk. Oslo 2002

Vidare lesing

Aamotsbakken, Bente: Det utrulege greineverket : lesninger av Tarjei Vesaas' lyrikk, 2002
Beyer, Edvard m.fl., red.: Tarjei Vesaas 1897 - 20. august - 1967, 1967 (Tarjei Vesaas-bibliografi, av Kaare Haukaas: 95-162)
Chapman, Kenneth G.: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning, 1969
Gimnes, Steinar, red.: Kunstens fortrolling : nylesingar i Tarjei Vesaas' forfattarskap, 2002
Mæhle, Leif, red.: Ei bok om Tarjei Vesaas, 1964
Norsk biografisk leksikon 2. utg.
Paulson, Sarah J. & Rakel Christina Granaas, red.: Dobbeltblikk på Vesaas, 2009
Skrede, Ragnvald: Tarjei Vesaas, 1947
Tarjei Vesaas : eit forfattarhefte, utg. av Biblioteksentralen, 1997
Café Existens, nr. 39/40, 1988 (tema: Tarjei Vesaas)
Vedlegg til Dag og tid nr 34, 21. aug. 1997 (tema: Tarjei Vesaas)
Vesaas, Olav: Løynde land : ei bok om Tarjei Vesaas, 1995
Vold, Jan Erik, red.: Tarjei Vesaas, 1964
Wiland, Sverre: Om Fuglane av Tarjei Vesaas, 1997 (Veier til verket)

Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne

Først publisert: 22.03.2010
Sist oppdatert: 15.12.2018