Hopp til innhold
Tilla Valstad. Foto: Akershusbasen. Nytta etter avtale med Museene i Akershus.
Tilla Valstad. Foto: Akershusbasen. Nytta etter avtale med Museene i Akershus.
X
Innhald

Tilla Valstad

Tilla Mathilde Georgine Valstad, forfattar og kulturarbeidar, som skreiv kvinnehistorie, for ho var den første gifte yrkesaktive lærarinna i Kristiania. Særleg arbeidde skipsreiardottera for vanskelegstilte barn.

Tilla Valstad (f. Christiansen) var fødd i Tønsberg 31. juli 1871 og døydde i Asker 5. august 1957. Ho utdanna seg ved Nissen Lærerinneskole i Kristiania og gifta seg med Otto Valstad i 1893. Valstad fekk ingen barn, men vigde seg til arbeidet ved Vaterland skule. Heimen Øvre Valstad låg i «Kunstnardalen» eller «Målkroken» som staden ofte vart kalla, og var samlingsstad for norskdomsfolket i Askerkretsen. Her hadde ekteparet Valstad ei sentral rolle, saman med nabofolket på Labråten, Arne og Hulda Garborg.
Valstad og ektemannen skipa friluftskule for tuberkuloseramma barn. Ho skreiv i eit dialektfarga og radikalt språk om barns kår i debutboka Et år i Vaterland (1925) og gav ut ein sjølvbiografisk romantrilogi. I fleire år var ho medarbeidar i Nationen, og ho skreiv om kunst og kultur i ulike tidsskrift, mellom anna om målarinna Harriet Backer. Valstad tok initiativ til oppretting av ein husmorskule i Asker. Ho hadde botaniske interesser og var ein populær foredragshaldar for bondekvinnelag og husflidslag.
Kjelder
Kåre Glette: «Tilla Valstad», Norsk biografisk leksikon, bd. 9. Oslo 2005
Ingun Aastebøl: Tilla Valstad. Kreativ kvinne i kulturens tjeneste. Asker Museum 1995
Kåre Glette: Tilla Valstad – Tønsbergs første moderne forfattar. Tønsberg 2004. Elektronisk utgåve ved Høgskolen i Vestfold, Nettbiblioteket, sist oppdatert 30.11.2004, http://www-bib.hive.no/tekster/tunsberg/tilla-valstad/index.htm [lesedato 14.06.2010]
 
Peikarar

Først publisert: 14.06.2010
Sist oppdatert: 19.04.2018